Kulturlandskap
Kulturlandskap og jordbruk
Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar
Beitande sau i verdsarvområdet. Foto: John Kåre Storås
rikhaldige og varierte kulturlandskap. Jordbruket i dag og historisk har i stor grad vore med å forme
kulturlandskapet, og som er utgangspunkt for ein stor del av opplevingskvalitetane i området. Vestnorsk fjordlandskap har ein særs dramatisk og storslått natur. Likevel er det først og fremst vekslinga mellom natur- og kulturlandskapet, opplevinga av samspelet mellom menneske og natur i tid og rom, som gjev landskapet sitt særpreg og gjer det så opplevingsrikt og attraktivt.
Det rike og varierte dyre- og plantelivet i området har viktige leveområde i slåtteteigar, beitelandskap og stølsområde. Dei fleste av desse lokalitetane er imidlertid no i endring – der attgroing er området sin største trugsel for bevaring av viktige natur- og kulturverdiar i verdsarvområdet.
Kulturlandskapet har gjennom verdsarvstatusen fått svært høg samfunnsmessig verdi som nasjonalt symbol og fyrtårn i internasjonal marknadsføring av Noreg som reisemål. Samtidig opplever grunneigarane og bøndene, som eig kulturlandskapet i verdsarvområdet, at den privatøkonomiske verdien av kulturlandskapet har blitt stadig mindre. Landbruket og husdyrhaldet er difor i sterk tilbakegang og sentrale kulturlandskapsareal er i ferd med å gro heilt att. Virkemidlane vi rår over innan landbruk, reiseliv, miljø og kultur er ikkje tilstrekkeleg til å halde kulturlandskapet i hevd, og det er konflikt mellom moderne landbruksdrift og kulturlandskapspleie som tek vare på dei mange forvaltnings- og næringsinteresser knytt til miljø, kultur og reiseliv. Dette var utgangspunktet for at Vestnorsk fjordlandskap gjennom arbeidet i Verdsarvrådet tok fatt i problemstillinga og fekk utarbeidd ein tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet.
Tiltaksplanen har som overordna mål å ta vare på og
Beitande geiter i verdsarvområdet. Foto: Finn Loftesnes
vidareutvikle dei unike kulturlandskapsverdiane i verdsarvområdet. Det viktigaste tiltaket er å skape økonomisk grunnlag for eit kulturlandbruk der produksjon av fellesgoder knytt til opplevingar i kulturlandskapet er målet, og aktiv drift med husdyrhald er middelet. Tiltaksplanen tilrår at det blir løyvd midlar til eit
eige kulturlandskapsbidrag i verdsarvområda, med direkte innretting mot å ta vare på og utvikle
mangfaldet og opplevingskvalitetane i kulturlandskapet. Kulturlandskapsbidraget skal vere ei samfunnslønn for å etablere eit kulturlandbruk som tek vare på alle desse interessene. Planen var eit bestillingsoppdrag frå 4 departement, etter politiske møter hausten 2006, planen vart ferdigstilt og overlevert departementa juni 2007. Første resultata av arbeidet med tiltaksplanen var klare i statsbudsjettet for 2008, der det er gjeve ekstra bevillingar til tiltak for bevaring av kulturlandskapet i Vestnorsk fjordlandskap, noko som er svært gledeleg. Vestnorsk fjordlandskap ynskjer eit levande kulturlandskap med beitedyr og aktive bønder. For kulturlandskapet skal ein både kunne sjå, høyre, lukte og smake!


9°C




