Arkeologi og kulturminne

Viktige kulturminne frå seinmellomalderer

I Geirangerfjordområdet finst mange kulturmiljø og kulturminne av særleg historisk verdi frå seinmellomalderen (frå 1300- til 1500-talet).

Fleire kulturmiljø som er nærast utilgjengelege utan at ein bruker båt, er funne langs fjordane. Dei består av gardsbygningar med dyrkamark og beiteområde, og har stor verdi både kulturelt, historisk, biologisk og visuelt.

Ingen av desse stadene er verna gjennom kulturminnelova, men dei viktigaste er plasserte i verna landskap som kjem inn under reglane for naturvernlova. Kulturmiljø og kulturlandskap er høgt verdsette av lokalbefolkninga, og kommunale arealplanar skal hjelpe til med å ta vare på desse. Både Geirangerfjorden og Nærøyfjorden har stader på lista over dei kulturlandskapa som har fått nasjonal prioritet.

RellingsetraI verdsarvområdet står mange gards- og stølsbygningar med dyrkamark og beiteområde. Dei har stor verdi både kulturelt, historisk, biologisk og visuelt, men ingen av desse stadene er verna gjennom kulturminnelova. Her er eit stølshus på Rellingsetra i Norddal. (Foto: Vegard Lødøen)

hei

Historiske stadar før 1537 - før-reformasjonen

Vi har ikkje så mykje informasjon om enkeltfunn og gamle monument som kunne ha fortalt oss meir om korleis folk nytta naturressursane i desse områda, og kvar dei budde. Det vart gjort undersøkingar i låglandsområda i verdsarvområdet i 1970, men lite har vore gjort i fjella. Likevel, delvis takka vere den ihuga interessa for landskap og kulturarv som lokalbefolkninga har hatt i lang tid, finst det mykje kunnskap.

Jakt og fangst av villrein i fjella rundt fjordane

Både Geirangerfjorden og Nærøyfjorden har fleire spor etter jakt og fangst i gamle tider. Dei tradisjonelle metodane var knytte til trekka til villreinen. Ved hjelp av leiemurar som delvis var laga av trestokkar eller steinar og naturlege sperrer som vatn og bratte fjellsider, vart dyra ofte førte utfor klippene eller inn i system av fangstgroper. Jegerar med bogar og piler eller spyd gøymde seg også bak låge bogestelle i nærleiken av villreintrekka. Ei fangstgrop for reinsdyr var gjerne 2 meter djup, 2 meter lang og 0,7 meter brei. Spor etter leirar kan truleg knytast til bruken av jaktområde i steinalderen, men det har ikkje vore funne permanent busetnad i fjella.

Brukte i tusenvis av år

Fangstsystema i området er store og fortel at mykje folk må ha samarbeidd om jakta. Dei største systema omfattar opp mot 80 bogestelle og leiemurar som var fleire hundre meter lange.

Systema var truleg i bruk frå steinalderen og fram til så seint som 1600-talet, og viser at villreinen i fjellområda alltid har vore ein viktig ressurs for folket som budde i dalane ved fjordane.

Andre arkeologiske og historiske spor i området før 1537

Det er funne relativt få graver og objekt frå steinalderen eller bronsealderen i Geirangerfjord-området. Dette kan støtte teorien om at desse områda fekk fast busetnad mykje seinare enn dei lettare tilgjengelege fjordane i Vest-Noreg.

På Litlejordshornet kan ein framleis sjå ein 300 meter lang leiemur brukt til styrtfangst av villrein. (Foto: Astor Furseth)

hei