Kulturminne


Kulturminne og kulturmiljø

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er særs rikt på kulturminne og intakte historiske kulturmiljø. Den kulturhistoriske djupna, eller kontinuiteten, er framleis intakt gjennom kunnskap om driftsmåtar som framleis vert halde i hevd i lokalsamfunnet.

Felles for kulturminna er at dei er med på å synleggjere tilgangen på og bruken av, stadeigne ressursar i området. Tidsdimensjonen og samanhengen i landskapet er særs viktig å ivareta gjennom heilskaplege kulturmiljø. I tillegg til dei kulturminnefaglege vurderingane som bør gjerast for å sikre mangfaldet, har dei og ein særs viktig funksjon for opplevingsverdi, rekreasjon og identitet.

Generelt vil det i eit naturvernområde ligge godt til rette for å ta vare på kulturminne i sitt opphavlege miljø, sidan omgjevnadene er intakte og presset på utbygging og andre arealtiltak vil vere vesentleg mindre enn andre stader. Kulturminne og kulturmiljø er verdsett som eitt av dei overordna føremåla i verneforskriftene til landskapsvernområda i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Formelt forvaltningsmynde av kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er lagt til Møre og Romsdal fylke for Geirangerfjordområdet, og for Nærøyfjordområdet er det Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune som er forvaltningsmynde. Desse instansane må kontaktast i saker som vedkjem kulturminnespørsmål.

Grindløe. Foto: Finn LoftesnesGamal byggeskikk. Foto: Finn Loftesnes