Livet på fjellgardane
Sentraliseringa fekk mange til å gje opp
Når så mange gav opp like etter dei hadde fått den etterlengta straumen i hus, innlagt vatn, telefonliner, motoriserte taubaner, utbetra råser, må sentraliseringa få skulda. Les meir…
Mattradisjonane går av moten
Frisk måtte ein prøve halde seg på desse gardane så langt frå dokter og jordmor. Dei første medisinalmeldingane frå distriktet fortel at folk på fjellgardane er forsiktige og sparsame og greier seg bra.
Les meir…Lange dagar med stort ansvar
Ved konfirmasjonsalderen, og ofte før det, vart unge jenter sende på stølen som setrejenter. Ystinga var det gjerne eldre budeier som stod for. Dei yngste stelte dyra, mjølka og bar mjølk og ost ned att om morgonen. Les meir…
Sleit for hus og kost og ring løn
Ikkje alle tolde slitet, einsemda og barnefødslane på dei einbølte gardane like godt. Det kunne gå på helsa laus. Det var bruk for mange hender når alt skulle gjerast med handemakt, og leigd hjelp som drengar og tenestejenter måtte også til.
Les meir…Sterke kvinner langs fjorden
I den mangesidige soga om fjordfolket, høyrer vi òg om kvinner som dreiv garden åleine når mannen var sjuk, på anleggsarbeid eller reise elles.
Mannen hennar Skøss-Lovise, Johan, var sersjant og mykje borte om somrane. Det meste av gardsarbeidet på Skotshalsen fall såleis på kona. Lovise var sterk, og ikkje redd for å ta eit tak. «Eg tenkjer ho Lovise tek han», sa Johan, ein gong han hadde leigd bygningsmann frå Stordal og ein tung bjelke skulle berast frå naustet og opp til huset.
Mannen for til USA
Frå eit besøk journalist Amanda Olsen i Sunnmørsposten gjorde på Klevberg, Liabygda, i 1940-åra får vi høyre historia til gamlekona på garden, Karen Klevberg. Då ho kom som nygift til Klevberg, stod det skralt til med både hus og gard. For å få pengar til å byggje på, reiste mannen Hans til USA og arbeidde der i fire år. Ingen av dei ni borna dei til då hadde fått, var komne i konfirmasjonsalderen då Hans reiste.
Borna måtte med
Medan mannen var borte var det Karen som dreiv garden. Ho måtte ta med seg borna både i innhaustingsarbeidet, i slåtten frå fjorden til fjells og i skogen om vinteren. I tillegg var denne sterke kvinna flink med hendene, ho spann, vov og strikka og laga det finaste handarbeid.


18°C




