Kulturhistorie
Kulturhistorie
Spor i landskapet syner at fjordområda har vore nytta av menneske heilt sidan isen trekte seg attende for 10.000 år sidan.
Fangstgraver og bogesteller i høgfjellet syner at villreinen har vore viktig for fjordfolket alt i steinalderen. Langs etter fjordane og oppe på berghyllene ligg eit titals små fjordgardar, dei fleste fråflytta. Gardane ligg på plassar der snø- og steinras ikkje kjem til. Busetjinga syner eit nøysamt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur. I fleire av fjelldalane finn ein stølar. Nokre av fjordgardane og stølane er restaurert og kan besøkast.
Stigen gard. Foto: Lars Løfaldli
Herdalssætra. Foto: Lars Løfaldli


14°C




