Vegetasjon og Flora

Kort om naturtilhøva

Av Dag Holtan, biolog

Stort mangfald og stor variasjon er typisk og det mest framståande trekket ved vegetasjonen og plantelivet i verdsarvområdet.

Topografien i verdsarvområdet er dramatisk, med tronge og djupe fjordar, smale dalføre, fleire mektige fossar og gjel, bratte fjordlier, rasmark og mange fjell som strekkjer seg opp mot 1900 meters høgd, der det ofte er blåbrear og stupbratte fjellsider.

Les meir…
hei

Rike edellauvskogar

Rike edellauvskogar har varmekjære treslag som alm, ask og hassel.

I Norddal, rett utanfor verdsarvområdet, finn ein også lind og svartor, medan sommareik er planta inn somme stader. Lind finst også ved Ljøen, men berre som einskilde tre.

Hengjebjørk er også vanleg i slike skogar, noko ein kan sjå eit godt døme på ved Langflåa om lag midt i Geirangerfjorden, der denne bjørka er heilt dominerande.

Dei rike hasselskogane i Møre og Romsdal er etter måten godt undersøkte med omsyn til plantelivet og kva som finst av sopp, men mykje står nok att, særleg for soppen.

Les meir…

Gråor-almeskog

Gråor-almeskog er ein variant av rik edellauvskog, men veks oftast noko meir skuggefullt og har difor eit anna og ikkje fullt så rikt artsinventar.

Gråor, alm og hegg er ofte dominerande treslag, medan andre treslag spelar ei mindre rolle. På skuggefulle og fuktige stader er utformingar med store bregnar og høge staudar vanlege, og særleg vanlige er utformingane med bregnane strutsveng og skogburkne.

Les meir…
hei

Furuskog

Furuskog er etter måten dårleg representert i verdsarvområdet, med utforminga sør for dagbrotet i Raudbergvika som den mest interessante lokaliteten.

Dette er ein såkalla kalkfuruskog. Kalkskogane i Storfjorden i vid forstand er no godt undersøkte med omsyn til både sopp og karplantar, fram til no likevel mest utanfor verdsarvområdet.

Les meir…

Fossar og elvar

Mange mektige fossar og serprega vassdrag, somme med imponerande juv, ligg innanfor verdsarvsområdet.

Les meir…
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >> JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL