Biologisk Mangfald

Fuglar i fjordlandskapet

Dei artane som er typiske for det vestnorske fjordlandskapet, er registrerte hekkande i verdsarvområdet.

Den varierte topografien med fjordar, bratte fjellsider ved fjorden, nakne klipper og steinskvettSteinskvett. Foto: Vegard Lødøen
varmekjære skogsområde, uforstyrra vassfar med mange fossar, og trefrie fjellområde med
lyngheiar og myrar, gir eit rikt mangfald av naturlege leveområde (habitat) og såleis eit variert fugleliv. Om lag 100 artar hekkar i området. Blant desse er det både artar som er typiske for kysten, og artar som er vanlege i dei norske fjella. Femten av artane som er registrerte her, finst på den norske raudlista, og åtte er artar som Noreg har særleg ansvar for sidan store delar populasjonen heldt til i Noreg delar av året.

Vassfugl og våtmarksfuglar

Topografien i Geiranger- og Nærøyfjordområda er gråhegreGråhegre. Foto: Marek Sczcepanek/Creative Commons
dramatisk og ikkje spesielt høveleg for vadefugl, sjøfugl og vassfugl. Den vanlegaste vassfuglen er silanda (Mergus serrator). Gråhegra (Ardea cinerea) og fiskemåsen (Larus canus) finn gode hekkeplassar langs fjorden. Langs dei mange elvane finst den tettaste populasjonen av nasjonalfuglen i Noreg, fossekallen (Cinclus cinclus). Dei fleste myrane ligg i fjella eller på høgfjellet, og her finn ein vadefuglar som enkeltbekkasin (Gallinago gallinago), heilo (Pluvialis apricaria), raudstilk (Tringa totanus), myrsnipe (Calidris alpina), fjøreplytt (Calidris maritima) og boltit (Charadrius morinellus).

Vipa (Vanellus vanellus) har reir på våtmarker lenger nede. Vassfugl som brunnakke (Anas penelope), krikkand (Anas crecca), kvinand (Bucephala clangula) og bergand (Aythya marila) hekkar ved nokre få fjellvatn. Grånosmyrane våtmarksreservat i Nærøyfjorden har talrike vadefuglar og sporvefuglar, og fleire av desse er sjeldne i regionen. Store område med våtmarker som dette er ikkje vanleg i fjella i Vest-Noreg. Lappsporv (Calcarius lapponicus) og blåstrupe (Luscinia svecica) er blant dei artane som har reirstad her. Populasjonen av lappsporv er ein av dei sør-vestlegaste på det europeiske kontinentet.

Fuglar i fjellsidene ved fjorden

Edellauvskogen og andre velutvikla typar av skogland har eit rikt fugleliv. Dette gjeld særleg skogar med gråor og hegg, som er kjende for sitt store mangfald av sporveartar. Flekker av tidlegare landbruksland gir ein variasjon i skoglandet, og overgangssonene er svært verdfulle for fuglane. Blant fuglar som er vanlege i skogane ved fjordsidene, er spettmeis (Sitta europaea), fleire trastefuglar, songfuglar som munk (Sylvia atricapilla) og gulsongar (hippolais icterina). Hakkespettane er representerte ved grønspetten (Picus viridis), svartspetten (Dryocopus martius), vendehalsen (Jynx torquilla), flaggspetten (Dendrocopus major) og kvitryggspetten (Dendrocopus leucotos).

Artikkelen held fram under biletet.

Spettmeis (Foto: Adrian Grande)

Dei mange stupbratte og delvis overhengande klippene er gode reirstader for rovfuglar. Både havørna (Haliaeetus albicilla) og kongeørna (Aquila chrysaetos) hekkar i verdsarvområdet. Sistnemnde er etter ein periode med svært få individ no godt etablert i begge områda. Andre rovfuglar i fjordlandskapet er hønsehauken (Accipiter gentilis), fjellvåk (Buteo lagopus), jaktfalk (Falco rusticolus) og vandrefalk (Falco peregrinus).

Fuglar i fjella

Eit representativt utval av fuglelivet i dei norske fjella finst i dei skogfrie fjellområda der snø og is ligg konstant. Vanlege artar er blant anna lirype (Lagopus lagopus), fjellrype (Lagopus mutus), ravn (corvus corax), heipiplerke (Anthus pratensis), ringtrast (Turdus torquatus), steinskvett (Oenanthe oenanthe), tornirisk (Carduelis flavirostris), heilo (Pluvialis apricaria) og fleire av dei andre vadefuglane som vi har nemnt tidlegare.

 

hei

Registrerte funn av botaniske raudelisteartar i verdsarvområdet

* Status: EN = Sterkt truga, VU = Sårbar, NT = Nær truga, DD = Data manglar, men det er svært sannsynleg at arten ville ha kome med på raudlista

** Område: G = Geirangerfjorden. N = Nærøyfjorden

Sopp

Vitskapleg namn Norsk namn Raudlistestatus* Område**
Antrodia pulvinascens Kvit ospekjuke NT N
Camarophyllopsis schulzeri Gulbrun narrevokssopp DC G
Clavaria zollingeri Fiolett greinkøllesopp NT G
Clavulinopsis cinereoides
NT G
Cortinarius cinnabarinus Sinoberslørsopp VU G
Cortinarius fulmineus Safranslørsopp VU G
Entoloma atrocoeruleum
NT G
Entoloma corvinum Ramneraudskivesopp NT G
Entoloma griseocyaneum Lillagrå raudskivesopp NT G
Entoloma porphyrophaeum Lillabrun raudskivesopp NT G
Hygrocybe fornicata Musserongvokssopp NT G
Hygrocybe ingrata Raudnande lutvokssopp NT G
Hygrocybe phaeococcinea Svartdogga vokssopp NT G
Hygrocybe quieta Raudskivevokssopp NT G
Hygrocybe splendidissima Raud honningvokssopp NT G
Hygrocybe turunda Mørkskjela vokssopp NT G
Lactarius citriolens Duftsvovelriske NT G
Porphyrellus porphyrosporus Falsk brunskrubb NT G
Porpoloma metapodium Grå narremusserong VU G
Russula anthracina Kokskremle NT G
Tricholoma atrosquamosum Svartspetta musserong NT G

Raudskivevokssopp. (Foto: biopix.dk/J.C. Schou)

Lav

Vitskapleg namn Norsk namn Raudlistestatus* Område**
Neofuscelia verruculifera Stiftskjergardslav NT G
Stereocaulon delisei Kystsaltlav VU G

Mose

Vitskapleg namn Norsk namn Raudlistestatus* Område**
Brachydontium trichodes Skoddemose DD G
Bryum riparium Kantknollvrangmose VU G
Buxbaumia viridis Grønsko VU N
Encalypta microstoma Alpeklokkemose VU G

Karplanter

Vitskapleg namn Norsk namn Raudlistestatus* Område**
Alchemilla semidivisa - VU G
Asplenium adulterinum Brunburkne NT G
Bromopsis ramosa Bergfaks NT G
Cephalanthera longifolia Kvit skogfrue NT G
Pseudorchis albida Kvitkurle VU G

Kvit skogfrue. (Foto: Bernd Haynold/Creative Commons)

Registrerte funn av artar i verdsarvområdet som Noreg har spesielt ansvar for:

Lav

Vitskapleg namn Norsk namn Raudlistestatus* Område**
Pannaria conoplea Grynfiltlav - G, N
Peltigera britannica Kystgrønnever - G
Sticta fuliginosa Rund porelav - G, N
Lobaria amplissima Sølvnever - G, N
Degelia plumbea Vanleg blåfiltlav - G, N

Karplanter

Vitskapleg namn Norsk namn Raudlistestatus* Område**
Alchemilla semidivisa Norddalsmarikåpe VU G

Variert vegetasjon

Dei fire viktigaste vegetasjonstypane i verdsarvområdet er: skog, ur og stein, alpin, kulturvegetasjon.

SkogsvegetasjonBreiflangre (Epipactis helleborine) (Foto:BenrdH/Creative Commons).

Det er identifisert 18 botanisk sårbare skogslokalitetar, og desse kjem inn under kategoriane gammal lauvtreskog, olivinfuruskog, varmekjær edellauvskog og beitemark.

I dei skogdekte områda dominerer høgfjellsbjørka. I skogbotnen veks det vanlegvis blåbær og bregnar, til dømes bjønnkam (Blechnum spicant) og sitron-duftande smørtelg (Oreopteris limbosperma). Den varmekjære lauvskogen på sørvende fjordsider dekkjer eit mindre område, men har eit stort artsmangfald. Varmekjære tre som alm (Alnus glabra) og hassel (Corylus avellana) veks i lag med hengjebjørk (Betula pendula), eller furu, gir eit rikt planteliv, og om lag 200 artar av karplanter er registrerte i to slike lokalitetar.

Hyskjet naturreservat i Geiranger er ein av dei rikaste lokalitetane med slik vegetasjon. Typiske artar ein finn i skogbotnen her, er:

  • breiflangre (Epipactis helleborine)
  • junkerbregne (Polystichum braunii) Lakrismjelt ( Astragalus glycyphyllos). (Foto: Fornax/Creative Commons)
  • krattfiol (Viola mirabilis)
  • lakrismjelt (Astragalus glycyphyllos)
  • myske (Galium odoratum)
  • raudflangre (Epipactis atrorubens)
  • skavgras (Equisetum hyemale)

Dei største områda med edellauvskog finn vi langs Sunnylvsfjorden mellom Tindbjørgane og Åkerneset, og langs nordsida av Geirangerfjorden. Andre typar skogsvegetasjon er gammal furuskog og gammal lauvskog, funnen på få stader langs fjordsidene.

Ur- og steinvegetasjon

Ura er det viktigaste trelause, mineraljord-habitatet Raudflangre (Epipactis astrorubens). (Foto: Bernd Haynold/Creative Commons).
for plantesamfunn under tregrensa i dette området. Dei enorme urene inst i Geirangerfjorden og øvst i dalen sør for Geiranger har ein interessant vegetasjon og flora. Til dømes finn vi raudlistearten kvitkurle (Leuchorchis albida ssp. albida) fleire stader her. Førekomsten av somme karplanter må tolkast slik at dei har overlevd i området sidan den varme sub-atlantiske perioden for 2000 år sidan.

Floraen er rikast der grunnfjellet inneheld karbonat. Her finn ein ofte sørlege og sør-austlege karplanter, og også andre artar som elles er uvanlege i regionen. Under slike tilhøve er det ikkje uvanleg å finne meir enn 100 artar karplanter tusen meter over havet.

Stivsildre (Saxifraga hieracifolia) som veks på kalksteinsklipper i Geiranger, helst dei nordvende, er ein annan viktig art som har sin vestlege og sørvestlege lokalitet her.

Alpin vegetasjon

Den mest interessante og artsrike alpine floraen finn vi aust og søraust for Geiranger, frå StavbrekkaSkavgras (Equisetum hyemale). (Foto: Creative Commons).
 og Dalsnibba i sør til Gråsteindalen i nord. Ein annan stad er Geitfjellet nordvest for Geiranger. Samanlikna med resten av Noreg er ikkje den alpine floraen her spesielt rik, men han merkjer seg likevel ut i den nordvestlege delen av Vest-Noreg. Snødekket er livsviktig, og ein finn alpine plantesamfunn på eggar, i lesider og nær snøfelt som smeltar seint. Eggane er utsette for vind, og er terrengformer med tynt snødekke. Lebakkane har stabilt snødekke som smeltar tidleg om våren. Snøfelta smeltar seint om sommaren, og vegetasjonen her spenner frå polarvier (Salix polaris) til meir grasliknande, urterik vegetasjon.

Kulturvegetasjon

Den viktigaste biologiske verdien i kulturlandskapet er knytt til område der vegetasjonen er forma av slått, beiting, fjerning av krattskog eller topping av tre. Med tida har førekomsten av spesialiserte artar utvikla seg på ikkje-gjødsla naturlege beitemarker og enger. Dei fleste av desse er ulike sopptypar som høyrer til familiane av køllesopp (Clavaria), raudskivesopp (Entoloma) og vokssopp (Hygrocybe). Dei viktigaste områda med sjeldne og utsette artar finn ein i tilknyting til det opne, velhaldne kulturlandskapet rundt Herdalssetra og Botnen i Norddal.

Annan botanisk interessant kulturvegetasjon finn ein i lappeteppet av naturleg beitemark og skogland, helst med toppa eller styvde bjørker og almar. Dei gamle almane er sentrale, og trekkjer ofte til seg sjeldne artar av lav og sopp som elles lever i gamle varmekjære tre som vi av ein eller annan grunn sjeldan ser andre stader på Vestlandet.

hei

Botanisk mangfald og sjeldne artar

Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet inneheld mange typiske trekk og kvalitetar ved plantelivet i dei vestnorske fjordane. Her finst det fleire sjeldne, truga eller sårbare artar, og det er også mange artar som har si nordlegaste eller vestlegaste grense akkurat i dette området.

Forskjellane mellom kysten og innlandet, mellom nord raudsildreRaudsildre. Foto: Michael Haferkamp,Creative Commons
og sør, og dei store høgdeforskjellane gjer at ein finn mange naturlege veksestader innanfor eit etter måten lite geografisk område. Dei bratte fjordsidene, urene, fossane, elvegjela, det bratte terrenget og dei velhaldne stølane skaper variasjon og artsmangfald. Store lokale klimaforskjellar gjer at artar frå sørlegare breiddegrader kan bere frukt berre nokre få kilometer frå stader der det veks alpine planter som vi kjenner best frå meir arktiske strøk.

Spesialisert flora

Artsmangfaldet i fjordlandskapet er stort, særleg med tanke på at næringsfattig gneis dominerer grunnfjellet. Men fjella er geologisk aktive, dei «lever»: Sprekker vert danna, det går steinskred og snøfonner, og det vert danna finkorna lausmasse som nedbør løyser opp og gjer tilgjengeleg som næring for plantene.

Lommer av næringsrik stein i det dominerande næringsfattige områda har gitt oss ein rikare flora med større artsmangfald og fleire spesialiserte planter. Førekomsten av peridotitt og serpentinitt i Geirangerområdet og beltet av fyllitt i Nærøyfjordområdet er døme på slike lommer.

Natur og kulturUrvalmue. Foto: Johannes Anonby

Aktiv geologisk erosjon har skapt store urer og skredvifter (fonnefar) som har gitt oss pionersamfunn og artar som er tilpassa slike ustabile og skiftande forhold. Dei sjeldnaste av desse artane er urvalmua (Papaver radicatum ssp. relictum) som finst ved Bleia i Nærøyfjordområdet.

Hundreår med beiting og slått har gjort at det i somme delar av fjordlandskapet har etablert seg fleire halvnaturlege plantesamfunn med fleire raudlisteartar og artar som er viktigast for andre delar av artsmangfaldet (insekt, fuglar og dyr).

Varmekjære artar i GeirangerfjordområdetMnemosynesommarfugl. Foto: Dag Holtan

Somme planter som vanlegvis veks ved kysten, finst også naturleg i fjordområdet her, men sidan vi er såpass langt inne i landet, er desse innslaga i floraen ikkje så utvikla. Derimot er det fleire innslag av varmekjære artar, artar frå meir sørlege og sørvestlege område. Sannsynlegvis er det ingen annan stad på Sunnmøre som har så mange varmekjære artar i så mange lokalitetar.

Lommer av peridotitt og serpentinitt i grunnfjellet gir utmerkte veksevilkår for nokre «reine spesialistar». Brunburkne (Asplenium adulterinum) veks berre på denne typen grunn. Andre planter som kan knytast til desse områda, er fjelltjøreblom (Lychnis alpina), ein underart av snauarve (Cerastium alpinum ssp. glabratum), og raudsildre (Saxifraga oppositifolia).

Norddalsmarikåpe

Ein svært sjeldan art som har sitt norske namn frå dette området, veks på fuktige stader nær fossar. Dette er sunnmørsmarikåpe/norddalsmarikåpe (Alchemilla semidivisa), som er kjend berre på ei handfull lokalitetar på indre Sunnmøre, fire av dei innafor Verdsarvområdet.

Totalt er 41 raudlisteartar av sopp, lav, mose og karplanter registrerte i området (sjå tabellen).

Marine artar i verdsarvområdet

**Område: G = Geirangerfjorden. N = Nærøyfjorden

Marine artar i verdsarvområdet

Latinsk namn Norsk namn Engelsk namn Område**
Anarhichas lupus Gråsteinbit Catfish G
Anguilla anguilla Ål Eel G/N
Argentina silus Vassild Greater argentine G/N
Argentina sphyraena Strømsild Lesser argentine N
Benthosema glaciale Nordlig lysprikkfisk Glacier lantern fish N
Brosmius brosme Brosme Torsk G
Callionymus maculatus Flekket fløyfisk Spotted dragonet N
Clupea harengus Sild Herring G/N
Clupea sprattus Brisling Sprat G/N
Cyclopterus lumpus Rognkjeks Lumpsucker G/N
Diplecogaster bimaculatus Dobbeltsuger Two-spotted clingfish N
Gadiculus argenteus Sølvtorsk Silvery pout N
Gadus merlangus Kviting Whiting G
Gadus morhua Torsk Cod G/N
Gasterosteus aculeatus Stingsild Three-spined stickleback N
Gobiidae Kutlingar Gobies N
Hippoglossus hippoglossus Kveite Halibut G
Labrus berggylta Bergylte Ballan Wrasse G
Limanda limanda Sandflyndre Dab N
Lophius piscatorius Breiflabb Angler G
Melanogrammus aeglefinus Hyse Haddock G/N
Merluccius merluccius Lysing European hake G
Micromesistius potassou Kolmule Blue whiting N
Microstomus kitt Lomre Lemon sole N
Molva byrkelange Blålange Blue ling G
Molva molva Lange Ling G/N
Myoxocephalus scorpius Vanleg ulke Short-horned sculpin N
Pleuronectes platessa Raudspette Plaice G
Pollachius pollachius Lyr Pollack G
Pollachius virenes Sei Saithe G/N
Salmo salar Laks Atlantic salmon G/N
Salmo trutta trutta Sjøaure Brown trout G
Scomber scombrus Makrell Mackerel G/N
Sebastus marinus Uer Redfish G/N
Somniosus microcephalus Håkjerring Greenland shark G/N
Squalus acanthias Pigghå Spiny dogfish N
Trisopterus minutus Sypike Poor cod N

Gråsteinbit er ein av mange fiskeartar ein kan finne i dei djupe verdsarvfjordane.

Raudlisteartar og artar som Noreg har spesielt ansvar for i verdsarvområdet

Latinsk namn Norsk namn Engelsk namn Raudlistestatus* Område
Phocoena phocoena Nise Common porpoise MO G, N
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >> JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL