Geologi og landformer
Grunnfjellgeologien er nøkkel til historia
Grunnfjellgeologien i området frå Karmøy og Kristiansund er nøkkelen til å forstå den geologiske historia i Vest-Skandinavia.
Fjella er danna i fleire tidsepokar, og merka etter dette er tydelege når ein studerer landskapet og dei einskilde steinartane. Den siste istida, som i geologisk samanheng var i nyare tid, fjerna alle spor etter påverknad frå vind og vêr, og etterlet ei vakker overflate som var bølgjepolert og skura av isen.
Fjordane, som skjer seg djupt ned i det ferske grunnfjellet, gir på eineståande vis innsyn i den geologiske historia ved at utgjer eit samanhengande snitt gjennom fjellmassivet. Såleis er fjordane viktige fordi dei gjer det mogleg for oss å undersøkje berggrunn som fortel ei svært kompleks utviklingshistorie.
Gneis
Grunnfjellet i Geirangerfjordområdet inneheld hovudsakleg prekambrisk gneis frå det vestlege gneisområdet, og det meste av dette er opphavleg vulkansk. Somme innslag av grovkorna granittisk gneis utgjer ein relativt einsarta masse i den elles lagdelte og varierte gneisen.
Glimmer (kråkesølv) og skifer finst somme stader. Desse steintypane representerer sedimentære bergartar som vart omforma til krystallinsk stein gjennom metamorfose – høgt trykk og høg varme.
Høgt trykk, høg varme
Ulike førekomstar av eklogitt og olivinrik peridotitt finst lokalt. Eit stort område i aust inneheld augen-gneis med innslag av kvartsitt, paragneis og fleire felt med olivinrike bergartar. Denne delen av fjellet vart pressa over den underliggjande gneisen gjennom den kaledonske fjellkjedefaldinga.
Til forskjell frå Nærøyfjordområdet har ikkje grunnen i Geirangerfjordområdet spor etter den svekonorvegiske fjellkjededanninga (1130–900 millionar år sia), men den skandiske platekollisjonen (ein fase i den kaledonske fjellkjedefaldinga, 420 millionar år sia) førte til omdanning av bergartar under svært høgt trykk og sterk varme.
Prosessar djupt nede
Denne geologiske prosessen gav oss mellom anna eklogitt, ein steintype som berre vert til under høgt trykk. Dette er ein påfallande og ganske uvanleg bergart, som hovudsakleg består av raudleg til rosa granat og grøn pyroksen (omfasitt). Spesielt interessant er den lokale førekomsten av mikroskopiske restar av mineralet koesitt, ei kvartsform som er danna under svært høgt trykk og moderat sterk varme (700 °C). Dette har skjedd 100 km nede i jordskorpa.
Ny landheving - tertiær (65-2,5 millionar år)
For om lag 65 millionar år sidan (i perioden sein-mesozoikum–tidleg tertiær) var det truleg ingenting att av den høgreiste kaledonske fjellkjeda. Fjellkjeda var erodert vekk, så landskapet i dei fleste delane av Noreg var lågt og slett, og særmerkt ved eit noko bølgjeforma slettelandskap med vide dalar og avrunda åsar.
I tidleg tertiær blei området tektonisk aktivt. Kontinenta trekte seg vekk frå kvarandre, og det danna seg ein sjø mellom Grønland og Skandinavia for om lag 55 millionar år sidan.
Landheving
Vekta av eit enormt isdekke hadde trykt den skandinaviske jordskorpa ned, og då isen smelta og trekte seg tilbake, gjekk den store landhevinga av Noreg føre seg (gjennom tertiærtida for 65–2,5 millionar år sidan), med betydelege forskyvingar langs forkastningsystema som ligg parallelt med kysten.
Landhevinga var skeiv, og vi fekk eit høgt, fjellrikt område parallelt med vestkysten som gradvis slakka av og mjukna mot dei lågareliggjande områda i aust. Hellinga av landmassen og den forsterka topografien gjorde at vasserosjonen auka kraftig, og resulterte i ei forynging av det gamle dreneringssystemet. Resultatet var bratte og djupe elvedalar. Då den store innlandsisen vart forma om lag 2,5 millionar år sida, grov isen ut djupe og breie dalar.
Djupe sediment
Fjordane og dalane som går oppover frå fjordenden, var såleis opphavleg gamle elvedalar frå før istidene (vanleg vis v-dalar) som isen grov ut og forma til u-dalar.
Fjordane er i dag generelt sett tronge, bratte og djupe, vanlegvis med store basseng og tersklar. Fjordbassenga inneheld sediment som er opp mot 300 meter tjukke, delvis med ei svært svak helling på mindre enn ein meter per kilometer.
Erosjon
Landheving etter at is trekkjer seg tilbake fører til sakte, men synlege endringar langs kysten av fjordane og påverkar utviklinga av delta, hovudsakleg ved fjordenden (til dømes i Geiranger). I motsetnad til dette har vi den meir dramatiske effekten av erosjon i djupe kløfter og gjel, steinskred og snøfonner som skaper meir opplagte endringar i landskapet.
Desse geologiske prosessane er delvis styrte av nedbør (snø og regn) i det atlantiske klimaet i Vest-Noreg, og gjer ein meir iaugefallande innsats for å forme landskapet. Likevel – mesteparten av erosjonen som har gått føre seg etter istida, har hatt lokal og i samanlikning med istidene ganske liten effekt, slik at dei isbreskapte landformene og fjordane er uvanleg godt i hevd.
Ei historie skriven i stein (1600-100 millionar år)
Fjordlandskapet i Vest-Noreg står i ei særstilling fordi det så synleg og tydeleg viser fram den geologiske historia, fordi det har så breitt spekter av imponerande natureigenskapar, og fordi det utfordrande og tidvis uvennlege landskapsmiljøet har hindra at menneska har gjort store inngrep her.
Les meir…Frå ope havlandskap til trong fjord
Storfjorden strekkjer seg om lag 150 km innover i landet frå Norskehavet ved Ålesund og endar i sidefjordane Norddalsfjorden, Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.
Storfjorden følgjer sprekker og brotsoner i grunnfjellet. Desse går på kryss og tvers frå kysten
Opp gjennom moderne historie har fjordlandskapet her gjort varig inntrykk på dei som har besøkt området. Her speler sola i Tafjorden. (Foto: Audun Skjervøy).
og innover i landet frå kysten, og fjorden har såleis fått den karakteristiske sikk sakk-forma.
På det djupaste er fjorden 679 meter – rett nord for staden der Sunnylvsfjorden møter Norddalsfjorden. Særprega for landskapet er fjell som berre når 500 meter over havnivået ved kysten, men som strekkjer seg til over 1600 meter over havet ved Geirangerfjorden.
Fossar og dalar
Sunnylvsfjorden og Norddalsfjorden er 2 km breie, medan dei inste delane av desse fjordane, Geirangerfjorden og Tafjorden, er 1 km breie. Dei bratte fjordsidene strekkjer seg opp mot 1300 meters høgde, og fleire fossar – som «Dei sju systrer» og «Friaren», er storslåtte syn. Små isbrear i fjella gjer sitt til det dramatiske biletet, og det leirrike smeltevatnet fargar fjordane turkis.
Mange små dalar og hengedalar skjer mellom dei høge fjella og gir landskapet eit alpint særpreg. Langs fjorden ligg dei særprega fjellgardane på oppsiktsvekkjande stader. Dei avfolka gardane vitnar om den sparsame bruken av naturressursane i tidlegare tider. Dei små bygningane i fjellsidene langs fjorden er med på å forsterke inntrykket av dimensjonane i landskapet, og dei er viktige for korleis vi opplever landskapet her.
Fleire av hengedalane som går inn i hovuddalen, har spor etter seterdrift, og slike setrar er framleis intakte og i bruk i Herdalen og Dyrdalen.
Geiranger
Inst i Geirangerfjorden, der Geirangerelva renn ut i fjorden, ligg bygda
Brudesløret er ein av dei mange mektige fossane som kastar seg ned i Geirangerfjorden (Foto: Finn Loftesnes) Geiranger. Busetjinga er konsentrert på ein sterkt avgrensa stad mellom fjorden og dei bratte fjellsidene, som er utsette for steinskred og snøfonner og tårnar høgt over taka på husa. Lenger sør er dalbotnen prega av tradisjonelt jordbruk med sine gardstun og dyrkamark.
Busetjinga og spora av menneskeleg verksemd reduserer ikkje dramaet og dimensjonane i dette landskapet. Snarare er dei smålåtne spora etter menneska med på å forsterke opplevinga av det storfelte landskapet.
Opp gjennom moderne historie har landskapet her gjort varig inntrykk på dei som har besøkt området, og mange har dokumentert opplevinga gjennom måleri, fotografi, reiseskildringar og vitskapleg litteratur. Dette stadfestar statusen til dette eineståande fjordlandskapet.


14°C




