Skiturar

Skiturar - alpint

Strandafjellet Resort

Strandafjellet Skisenter ligg aust i Sunnmørsalpane og er ein ynda stad for ski-og snowboardkøyrerar.

Seks heiser, skiband, barneområde, terrengpark, 17 nedfarter og kanskje skandinavias beste frikøyringssområde, sørgar for at vinterentusiaster i heile familien får dekka sine behov.

Delar av anlegget har flomlys, og snøproduksjonsanlegg sikrar tidleg sesongstart.
Langrennsløperar kan glede seg over totalt 15 kilometer preparerte turløyper, i tillegg til eit fantastisk turterreng.

For prisar og meir informasjon, sjå nettsidene deira: www.strandafjellet.no

Overøye Ski Senter

Overøye er eit lokalt ski senter, nærme bygdene Dtordal og Dyrkorn. Senteret har fire skiheiser og tilbyr utfordrande terreng både i preparerte bakkar og i dei eterkvart velkjede frikøyringområda. Til dei minste kan anlegget tilby beltetrekk med ein flat og oversiktleg trase. Beltetrekket ligg nær ved varmestova, der det vert servert mat og drikke. Overøye er også eit flott utgangspunktet for turopplevingar for dei som liker å nytte turski. Lette familieutflukter til Langsæter-området og Fokhaugstova kan trygt anbefalast for heile familien. Området har preparerte løyper innover til Storvatnet og Litlevatnet, som er flotte vatn for isfiske.

For prisar og meir informasjon, sjå nettsidene deira: www.arenaoveroye.no

Sunnmørsalpane Fjellseter Ski Area

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter ligg i Sykkylven Kommune, midt i hjertet av alpelandskapet på Sunnmøre. Her finn du 4 heiser, og 17 km løyper fordelt på 13 nedfarter. Av 5 skitrekk, kan 4 køyrast i om kvelden. Det gir oss ein uslåeleg kapasitet med 4,5 km belyste nedfarter på kveldskøyringane!

Området har mange aktivitetar og konkurransar gjennom heile sesongen, og tilbyr ski skule for barn og vaksne, ski utleige, ski park, snowboard område, restaurant, og mykje meir.

For prisar og meir informasjon, sjå nettsidene deira: www.sunnmorsalpane.no