Gardane og setrene

Skageflå

skrive av Harald Kjølås

Skageflå ligg på ei fjellhylle 250 meter over Geirangerfjorden. Garden har vore i bruk heilt sidan middelalderen. I 1873 gjekk det eit stort jordskred over garden og øydela mykje av den dyrka jorda. For å få hjelp til oppryddinga vart garden delt i to bruk. Det høvde seg slik at bror og syster på Skageflå gifte seg med bror og syster på Møllsæter, og begge syskenpara slo seg ned på Skageflå.

Les meir…
hei

Knivsflå

skrive av Harald Kjølås

Knivsflå ligg på ei fjellhylle like ved Dei sju søstre i Geirangerfjorden. Før dei vart omdøypt, heitte då også desse fossane for Knivsfossane. Garden ligg på omlag same høgde som nabogarden på andre sida av fjorden, Skageflå. Garden er gamal, og er nemnt i skriftlege kjelder alt i 1603. Den gongen var Knivsflå øydegard.

Les meir…

Blomberg

skrive av Harald Kjølås

Blomberg ligg 452 meter over havet, på eit fjellplatå ovanfor garden Syltevik på sørsida av Geirangerfjorden. Garden er nemnt i skriftlege kjelder i 1650. I dagleg tale vart garden kalla for Holten. Vegen opp til Blomberg går i 28 svingar til dels langs eit gjøl, og mens sjølve husa ligg fonntrygt, så er vegen svært rasutsett. Vinterstid var det særleg det å skulle frakte borna til og frå skule i Geiranger kvar fjortande dag som var det mest farefulle.
Les meir…

hei

Matvika

skrive av Harald Kjølås

Matvika ligg på nordsida av Geirangerfjorden, like innanfor Lundaneset. Husa ligg litt oppe frå sjøen i ei lita, lun vik. Sjølve tunet er trygt for fonner. Mest utsett i så måte er husa for trykket frå den store Stabbefonna som er årviss på den andre sida av fjorden. Dette er den største fonna i Geirangerfjorden, og når ho kjem som mjellfonn hender det at fonngoven slår over til Matvika og at vindauga blir knuste av lufttrykket.
Les meir…

Oaldsbygda

skrive av Harald Kjølås

Oaldsbygda ligg på sørsida av Sunnylvsfjorden, omlag midtvegs mellom Smoge og Lundaneset.
Historikarane trur at Oaldsbygda er ein eldgamal storgard, Oal, som først vart delt i tre, Øvstegard, Midgard og Seljeflot. Seinare kom også garden Stokke til, på andre sida av elva. Frådeling gjorde så at det på desse fire gardane etterkvart vart ni bruk.

Les meir…
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >> JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL