Turisme
Nasjonalt ikon for turisme
Geirangerfjorden har vore eit turistmål i 150 år, og er eit nasjonalt ikon for turistindustrien. Saman med Nærøyfjorden er desse fjordane eit kjennemerke når ein marknadsfører Noreg i utlandet.
Fødestaden
Internasjonalt kan ein sjå dei norske fjordane som fødestaden for landskapsturismen. Det første utanlandske turistskipet segla inn Geirangerfjorden så tidleg som i 1869, og sidan den gongen har fjordane gitt millionar av besøkjande storslåtte og spennande natur- og kulturopplevingar. Vestnorsk fjordlandskap har underbygd ideen om at landskap kan vere verdifullt fordi det er vakkert, og området har legitimert og halde levande tanken om å ta vare på landskapet fordi det har stor natur- og kulturverdi.
Verdfull inntekt
På sommarstid trong besøkjande transport (hestetransport), mat og overnatting, førar i fjella og transport på fjorden med små båtar. Dette utgjorde ei verdfull inntekt for mange av dei som dreiv fjellgardane. Turismen vart snart ei viktig biinntekt for ein del fjordbønder, og – gradvis – hovudinntekta for mange.
Har behalde tiltrekkingskrafta
Den posisjonen fjordane fekk som eit populært turistmål vart raskt retningsgivande for kva slags bygningar og andre konstruksjonar som vart sette opp. Så tidleg som mot slutten av 1800-talet kunne overnattingsstader og vegar i området takle store mengder besøkjande. Men sjølv om straumen av gjester har vore betydeleg i 150 år, har fjordane behalde si magiske tiltrekkingskraft, si naturprakt, sine særdrag og kvalitetar.
Handkolorert turistfoto som viser Geirangerfjorden frå tidleg på 1900-talet. Det dramatiske landskapet gjorde fjorden til eit reisemålsikon allereie på 1800-talet. (Foto: Photochrom Print Collection, Library of Congress)


13°C




