Barneformidlingskonseptet "Fjordheimen"
"Gaute Gneis får eit oppdrag" er den fyrste boka om fantasiriket "Fjordheimen". I dette riket vert du kjent med merkelege skapningar som eigentleg er bergartar, mineral, isbrear og elvar. Boka fortel om korleis det gjekk til då Moder Mantel gav Gaute Gneis i oppdrag å skape Fjordheimen. På vegen får han med seg tre hjelparar; minerala Gloria Glimmer, Frode Fletspat og Kari Kvarts. Dette er dei tre viktigaste minerala våre. Mykje spennande møter desse venene på vegen opp mot overflata, og vi vert kjende med fleire av steinfigurane i "Bergfolket".
Historia er krydra med faktaboksar der vi får vite meir om mineral og bergartar i Noreg, og særskilt i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, det einaste området i Noreg som står på UNESCO si verdsarvliste med grunnlag i naturarven.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ynskjer med denne boka å vekkje born si interesse for geologi, bergartar og mineral, og stimulere dei til sjølve å leite etter spanade, artige og rare steinar. Boka er og ein del av barneformidlingskonseptet "Fjordheimen" som verdsarvstiftinga utviklar.
Boka får du kjøpt her.



20°C




