Kurs i skjering og forming av frukttre
Laurdag 24.mars kl 11.00 vert det kurs i
skjering og forming av frukttre på Møllstunet i Geiranger. Vertskap er Anette Møll.
Program for dagen:
- Velkomst og orientering om Møllstunet ved eigar Anette Møll
- Kort orientering om bagrunnen for frukttreprosjektet v/Byrge Fitje
- Praktisk opplæring v/ tidlegare fylkesgartnar i M&R, Frode Græsdal
- Hensikta med skjering av frukttre

- Skjerereiskap, skjereteknikkar, forming av unge tre
- Lunsj
- Praktisk demonstrasjon på gamle tre og nyplantingar
- Prøve å skjere sjølve under rettleiing
Servering: Gratis kaffi og enkel lunsj i Møllstunet
Utstyr: Vi oppmodar dei som har utstyr for skjering om å ta med dette.
Parkering: Ved møllstunet, ved geitfjøset, og på avkøyrsler/ veglommer langs vegen.
Påmelding før 22.mars på grunn av lunsj. Påmeldinga skal sendast til Inge Bjørdal, Næringsavdelinga, Stranda kommune:
Telefon: 464 11 023 eller på e-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no
Anna: Anette Møll har kunstgalleri/ atelier på garden. Dei som ønskjer ei orientering/ omvisning vil kunne få det.
Velkomne til ein dag med påfyll av praktisk kunnskap og ferdigheiter i hyggjeleg lag.
Arrangementet er eit samarbeid mellom vertskapet på Møll, Norddal kommune, Stranda kommune, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Velkomen!



12°C




