Skrenakken
There is no translationPå 1800-talet skifte garden eigar mange gongar. I førstninga av 1900-talet budde det heile tre huslydar i det gamle stovehuset på garden, men også desse eigarane ga opp, og garden hadde lege ubrukt i 14 år, då Eugen Vågsæter kjøpte garden i 1934. Han hadde fått kommunegaranti for kjøpesummen, og i tillegg til lån så skreiv han til kong Haakon og spurte om han kunne hjelpe han med pengar til å kjøpe garden. Vågsæter fekk hjelp av kong Haakon, og han tok over Skrenakken og flytta dit med huslyden sin. Ein del år seinare ville Vågsæter betale tilbake dei 500 kronene han hadde fått låne med kongen, men kong Haakon skreiv tilbake og sa at han ville ikkje ha pengane. Dei kunne eige garden i lag. Då kongen reiste med båt frå Geiranger til Valldal for å opne Trollstigvegen i 1936 vart han fortalt kvar Skrenakken låg, og då kunne han svare at den garden visste han vel om. Eugen Vågsæter dreiv opp denne garden til ein velstandsgard, men kommunikasjonen med omverda vart for tungvint, og i 1954 flytte dei til Stranda.
Vegen frå sjøen og opp til Skrenakken går bratt oppover i 84 svingar langs eit gjøl. Vinterstid kan vegen vere farleg å gå. I nyare tid vart det bygd løypestreng frå sjøen og opp, og det letta tilgangen til garden mykje. I dag er garden brukt som feriebustad, og Emma og Harald Vågsæter som i dag eig garden, har også hatt dronning Sonja på besøk. Ho skriv om besøket i boka si ”Klangbunn”.
Les meir på www.storfjordens-venner.no


18°C




