Matvika
There is no translationHeimebøen på Matvika er berre på 3-4 mål, resten av området rundt husa er ur- og steinmark. Garden ligg i solhellinga, og når sola varmar opp stein og berg, vert det nesten "tropisk" klima i Matvika. Garden satsa då også tidleg på hagebruk. På det meste hadde brukaren i Matvika 150 plommetre, og ved stoveveggen dyrka han aprikoser. Rekordhausten i så måte skal visstnok vere 60 kilo aprikoser.
Matvika var ein av dei siste gardane som vart fråflytta. Det skjedde så seint som i 1961, og ein hovudgrunn til at ein då måtte gi opp gardsdrifta, var at mjølkebåten til Hellesylt slutta å gå. Bilane og ferjene hadde tatt over, og det skiftet greidde ikkje Matvika å tilpasse seg.
Les meir om Matvika på www.storfjordens-venner.no



7°C




