Matvika

skrive av Harald Kjølås

Matvika ligg på nordsida av Geirangerfjorden, like innanfor Lundaneset. Husa ligg litt oppe frå sjøen i ei lita, lun vik. Sjølve tunet er trygt for fonner. Mest utsett i så måte er husa for trykket frå den store Stabbefonna som er årviss på den andre sida av fjorden. Dette er den største fonna i Geirangerfjorden, og når ho kjem som mjellfonn hender det at fonngoven slår over til Matvika og at vindauga blir knuste av lufttrykket.

Heimebøen på Matvika er berre på 3-4 mål, resten av området rundt husa er ur- og steinmark. Garden ligg i solhellinga, og når sola varmar opp stein og berg, vert det nesten "tropisk" klima i Matvika. Garden satsa då også tidleg på hagebruk. På det meste hadde brukaren i Matvika 150 plommetre, og ved stoveveggen dyrka han aprikoser. Rekordhausten i så måte skal visstnok vere 60 kilo aprikoser.

Matvika var ein av dei siste gardane som vart fråflytta. Det skjedde så seint som i 1961, og ein hovudgrunn til at ein då måtte gi opp gardsdrifta, var at mjølkebåten til Hellesylt slutta å gå. Bilane og ferjene hadde tatt over, og det skiftet greidde ikkje Matvika å tilpasse seg.

Les meir om Matvika på www.storfjordens-venner.no