Historie 1000-1850: "...de smukkeste Folk paa Søndmør"

av Bjørn Jonson Dale, historikar

Bøndene i dei inste fjordbygdene på Sunnmøre tenkte snautt på landskapet dei budde og verka i, som fagert i seg sjølv før turistane kom og kalla landskapet deira nett dét. Dette var midt på 1800-talet, og bøndene tenkte nok sitt, men tok ikkje til motmæle.

Dei visste av meir enn tusen års røynsle at fjord- og fjellskapet som omgav dei var mektig og fårleg, men samtidig rikt på alle slags naturressursar, lunnende. Turistane såg berre smørsida, ikkje den mørke, kalde og lumske vintersida. Dei opplevde korkje elvabrot, fonner, skred eller rasande kastevindar, og heller ikkje den langvarige vinterskuggen under styggbratte fjell. Bjørnabrak og ulveul var elles ikkje vanlege sommarlydar, heller ikkje hyla frå lam og kje som blei drepne av rovdyr og ørn om våren ...

Grøda var fager
Fagert for fjordbøndene var slikt som grodde, levde og auka: ei god kornavling, ein sunn buskap, ei fruktbar kvinne, ein veksande ungeflokk og stundom ein rosemåla bolle med øl. Derfor sa dei ikkje imot når turistane kalla sylkvasse tindar, djupfrosne blåbrear og svarte fjellsider «fagre». Bonden bad i staden turisten inn i stova, gav han god mat og drikke og sidan ei mjuk seng. Dagen etter tok han motvillig imot ein daler av framandkaren og viste han så den beste laksehølen i elva.

Dermed var ei ny næring fødd i desse bygdene, som alltid hadde hatt eit mangfaldig og godt næringsgrunnlag, kanskje det beste på Sunnmøre, om vi skal tru topografen Hans Strøm, som skreiv om dei i 1760-åra.