Norsk Fjordsenter
Bli kjend med eit mangfaldig og spennande fjordlandskap
Geirangerfjorden – eit verdsarvområde
Kvifor er fjella så høge og fjorden så djup? Korleis klarte folk seg vinteren gjennom på ei einsam fjellhylle? Kva blomster kan berre trivast i urdene under dei rasfarlege fjella?
Undringa er stor og spørsmåla mange når ein vitjar den særeigne naturen og kulturen
langs fjordane våre. På Norsk Fjordsenter freistar vi å svare på desse spørsmåla og
mange, mange fleire.
Norsk Fjordsenter – ei oppleving for store og små
LÆRERIKE UTSTILLINGAR – AKTIVITETAR – KUNSTINSTALLASJONAR – BOKHANDEL – LOKALT HANDVERK – KAFÉ

Nyhende: ope heile året! Vi følgjer Unescos verdsarvkonvensjon i arbeidet med å ta vare på og syne fram kulturen og naturen i området. Gjennom multimedia-utstillingar og idérike presentasjonar formidlar vi historia og dei små og store prosessane i naturen. Vi tilbyr også skreddarsydde opplegg for grupper. Kontakt oss, så lagar vi ei innhaldsrik oppleving for deg.
Velkomen!


9°C




