Geirangerfjorden

Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er to fjordområde som har ry på seg for å vere av dei vakraste og mest inntrykkssterke naturområda i Europa.
Dei siste 150 åra har forskarar, kunstnarar og turistar vitja fjordane for å oppleve eit eineståande dramatisk og kontrastrikt landskap. Trass store besøkstal har områda halde kvalitetane til inspirasjon og gagn for alle som bur eller vitjar områda.
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden utgjer det største urørte fjordlandskapet i Noreg.
Vestnorsk fjordlandskap består av to unike område som ligg om lag 120 km frå kvarandre. Geirangerfjorden på Sunnmøre tilhøyrer den inste delen av Storfjorden. Nærøyfjordområdet er ein av sidefjordane til Sognefjorden. Til saman er desse områda dei mest typiske eksempla på det vestnorske fjordlandskapet.
Dei to fjordlandskapa er særeigne på kvar sin måte. Landskapet i Nærøyfjordområdet er i større grad forma av vatn og vassdrag, og er prega av rundare fjellformer enn det delvis alpine landskapet i Geirangerfjordområdet. Til saman utgjer områda 1227 kvadratkilometer, der 107 kvadratkilometer er sjøareal.
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden utfyller kvarandre med dei spesielle geologiske særdraga og landskapa sine. Erosjon skapt av isbreane i kvartærperioden og andre geologiske prosessar har gitt oss dei stupbratte fjordsidene. Framleis er det eit aktivt geologisk miljø, med steinsprang, skred, vifteforma ras og snøfonner. Midt i dette storslåtte, fascinerande og for mange nesten skremmande avstengte fjordlandskapet lever folk og held fram med tradisjonelt landbruk og turisme. Det er seks busetjingar med totalt 473 innbyggjarar innanfor området til Vestnorsk fjordlandskap. Samla opptek dei 1,4 prosent av det totale landarealet. Sett bort frå desse busetjingane er det ikkje gjort større tekniske og moderne inngrep i naturen i desse områda. Dei utgjer såleis dei største urørte fjordlandskapa i Noreg.
Artikkelen held fram under biletet.
Dyrdalen Foto: Vegard Lødøen
Særdrag ved Geirangerfjordområdet:
Herdalen-Dyrdalen: Eit viktig område for å forstå dei prosessane som er med på å forme det karakteristiske fjordlandskapet: framvokster og tilbaketrekking av isbrear.
Tafjordområdet: Eit eineståande område for å syne korleis store steinskred har lagt steinmassar i fjordbotnen og laga skredsår i fjellsidene. Å studere dette området er viktig for å forstå historia til dei bratte skråningane med grunnfjell av ulike gneistypar og korleis landskapet er blitt til.
Sunnylvsfjorden: Eit stort steinskred har lagt att enorme masser i fjordbotnen. Eit stort område i fjellsida ved Åkerneset rører aktivt på seg. Området er viktig for å sjå og forstå prosessane knytte til ustabilitet i bratte skråningar i fjordlandskapet.
Vestnorsk fjordlandskap er det klassiske fjordområdet som er best geologisk utvikla og teke vare på. Geologien og den stadige erosjonen har gitt grunnlag for aktiv utvikling av økologiske og biologiske prosessar i tillegg til utviklinga av tradisjonell, og delvis marginal, bruk av land som ikkje har skadd landskapet som naturområde. Fjordlandskapet er storslagent og vakkert, og det er blitt eit av det mest besøkte i dei nordiske landa.


15°C




