Stiftinga og føremål for drifta
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vart stifta 30. april 2009 og er ei ideell stifting. Stiftinga sitt hovudføremål er å utvikle kompetanse innan vern, bevaring og formidling av naturarven Vestnorsk fjordlandskap, drive ei berekraftig utvikling av det unike verdsarvområdet, representere ein arena for vitenskapeleg forsking på området, samt vere premissleverandør overfor myndigheiter i tråd med UNESCO konvensjonen.
Vestnorsk fjordlandskap vart 14. juli 2005 innskrive på UNESCO si verdsarvliste og består av delområde nord - Geirangerfjorden og delområde sør - Nærøyfjorden. Desse to fjordområda har ry for å vere av dei vakraste og mest inntrykkssterke naturområda i Europa.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv tok over drifta av Norsk Fjordsenter den 1. november 2009, og vil utvikle dette til å bli eit fag- og kompetansesenter, så vel som eit besøkssenter.



18°C




