Valldal - jordbærbygda

ValldalOm lag 900 gjestearbeidarar – dei fleste frå Polen – kjem kvar sommar til Valldal for å hauste bær- og fruktavlingane.(Foto: Audun Skjervøy)

Valldal er kommunesenteret i Norddal kommune. Landbruk er hovudnæringa, og bygda er særleg kjend for produksjon av om lag 800 tonn jordbær årleg.

Grenda Linge som ligg solrikt til ved fjorden, er Europas nordlegaste kommersielle frukt- og bærdyrkingsområde. Krigshelten Martin Linge kom frå Negarden på Linge. Ein minnestein er reist på garden.

Sylte kyrkje stod ferdig i 1863. Sylte er namnet på sentrum der ein finn kommuneadministrasjon, helsesenter, barnehage, skule, hotell, butikkar og andre servicefunksjonar.

Naturen byr på mange opplevingar anten du tek ein enkel tur til fots eller ynskjer å jakte, fiske, klatre eller vandre på bre.

Rehabiliteringssenteret Muritunet er eit ettertrakta opptreningssenter med viktige arbeidsplassar i kommunen. Muritunet opnar symjebasseng og treningsrom for bygdefolket.

Snorre fortel at Heilag-Olav og mennene hans drog gjennom dalen på flukt til Sverige i 1028. Olavstradisjonen står sterkt i bygda, og Olsok blir feira med arrangement både på Sylte og på garden Alstad, 15 km opp i den tre mil lange dalen. Der kan ein oppsøkje Olavsvegen, Olavskjelda og Olavshellaren.

Om sommaren blir eit folketal som stadig går nedover, meir enn dobla av gjester i fastspikra campingvogner og hytter. I tillegg kjem om lag 900 gjestearbeidarar – dei fleste frå Polen – for å hauste bær- og fruktavlingane.

Naturen byr på mange opplevingar anten du tek ein enkel tur til fots eller ynskjer å jakte, fiske, klatre eller vandre på bre. Lakseelva Valldøla som slyngjer seg nedover dalen, blir òg nytta til rafting.