Stranda - skule og handel

StrandaIndustrien på Stranda står sterkt innanfor bransjar som møbel- og matproduksjon, med store bedrifter som Stabburet og Slettvoll Møbler. (Foto: Halvard Hatlen/Creative Commons)

Stranda er inngangsporten til Geirangerfjorden verdsarvområde og er senter for kommunen med same namn.

Stranda var i tidlegare tider handelssentrum for folk inst i Storfjorden. Framleis vel mange ungdommar frå nabokommunane å gå på vidaregåande skule på Stranda. Stranda vidaregåande skule er ein av 7000 verdsarvskular, og tilbyr studium som allmennfag, idrettsline og fleire yrkesfag. På Stranda ligg også den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule.

Strandafjellet er eit populært friluftsområde med skisenter og hyttefelt aust i Sunnmørsalpane. Seks heisar og tolv nedfartar i tillegg til frikøyringsområde dekkjer dei fleste behov.

Frå toppen av bakken er utsynet vidt og fritt over fjord og fjell. I Alperittet som blir avvikla kvart år, susar 200 deltakarar ned den 6200 meter lange løypa frå tind til fjord.

 

Landbruket har tapt terreng til fordel for industri på Stranda dei siste tiåra.

Overvoll golfbane er ei lita bane med seks hol som ligg på vegen mellom Hellesylt og Stranda.

Industrien står sterkt innanfor bransjar som møbel- og matproduksjon, med store bedrifter som Stabburet og Slettvoll Møbler. Den kjende møbelfabrikken Ekornes har også hatt produksjon på Stranda, men fabrikken her vart nedlagd i 2009.

Landbruket har historisk vore viktig, men i nyare er mange bruk lagde ned. Berre 35 prosent av bruka som vart drivne i 1980, er framleis i drift. Men her ligg også store geitebruk som har auka produksjonen.

Stranda har kulturhus for kommunane inst i Storfjorden. Det interkommunale selskapet Åknes/Tafjord Beredskap overvakar faren for steinskred både frå Åkerneset i Sunnylvsfjorden og Heggura i Tafjorden. Lokalavisa Sunnmøringen har kontor på Stranda og kjem ut to gonger i veka.

I Stranda kommune ligg bygdene Geiranger (250 innbyggjarar), Hellesylt (680 innbyggjarar), Liabygda (260 innbyggjarar) og kommunesenteret Stranda (3500 innbyggjarar).