Geiranger - verdskjend og vakker

GeirangerfjordenKlimaet er med på å gjere naturen dramatisk i Geiranger inst i Geirangerfjorden.. Foto: Audun Skjervøy

Turisme er hovudnæringa i verdskjende Geiranger. Meir enn 500 000 turistar gjestar bygda kvar sommar.


Kvart år ankrar mellom 150 og 200 cruiseskip inst i fjorden, noko som gjer Geiranger til ei av dei største norske cruisehamnene. Mange kjem med cruiseskip eller bussar. Dei fleste tek seg fram på eiga hand med bil eller motorsyklar over vegar som svingar seg ned til fjorden, anten dei kjem via Geirangervegen austfrå eller Ørnevegen frå Eidsdal. Mange kjem langs fjorden frå Hellesylt og Valldal.

Den åttekanta kyrkja frå 1842 ligg ved garden Maråk, nedanfor Hotel Union. Kyrkja er den tredje vi veit om på same staden. Ho er utsmykka av treskjerar Einar Flydal etter framlegg frå kunstnaren Per Vigeland.

Bratte fjellsider og majestetisk natur har gjort Geiranger til det mest kjende turistmålet i Noreg

Norsk Fjordsenter rommar eit opplevings- og kunnskapssenter om fjordkulturen i verdsarvområdet. Her er skiftande kunstutstillingar og ei fast utstilling som fortel om livet på dei mange fjell- og strandgardane langs Geiranger- og Sunnylvsfjorden.

Storfjordens Venner vart skipa i 1975 for å ta vare på kulturarven langs fjordane. Organisasjonen har berga mange fjord- og fjellgardar som er noko av grunnlaget for at Vestnorsk fjordlandskap kom på verdsarvlista til UNESCO i 2005.

I nordområdet av Vestnorsk fjordlandskap er Geiranger åleine om ha bygdesenteret definert som verdsarvområde. Alle andre bygdesentrum er haldne utanfor.

Hotel Union er det einaste heilårsopne hotellet i Geiranger. Det familiedrivne hotellet spelar ei viktig rolle i bygdesamfunnet, og sysselset mange i bygda der sommar og vinter er som natt og dag. Sommaren 2008 opna ei heilt ny spa-avdeling.

Kvar vår blir motbakkeløp og sykkelritt arrangert frå fjord til fjell med endestad Dalsnibba, 1497 meter over havet.