Eidsdal - mektig natur
På sørsida av Norddalsfjorden ligg ferjestaden Eidsdal – ei jordbruksbygd der mjølkeproduksjon frå ku og geit dominerer.
Fleire gardar ligg så høgt at setrane deira til dels ligg lågare enn dei, til dømes Kilsti, Løvoll, Kleiva og Storås. På Skuset har fleire bønder gått saman om å byggje fellesfjøs for mjølkeproduksjon.
Mange bønder har turisme som attåtnæring, og det er planar om eit aktivitetssenter for familiar ved Eidsvatnet om lag ti kilometer frå sentrum.
Eidsvatnet eit populært biletmotiv og eit godt fiskevatn 423 meter over havet. Vatnet ligg rett ved riksveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger, og mange har bygd seg hytter i området. Her kan ein kjøpe fiskekort og prøve lukka frå land, eller ein kan leige robåt og prøve fisket ute på sjøen. Fiske kan ein òg frå andre fjellvatn, i Eidsdalselva og ikkje minst i fjorden.
Eidsvatnet er eitt av dei beste aurevatna som ligg så nær ein riksveg i Noreg
Om lag fire kilometer frå sentrum ligg husmannsplassen Severinbrauta, som vart driven som sjølvbergingsbruk heilt fram til slutten av 1980-åra. Kvardagshistorie frå 1870-åra er dokumentert på plassen, som er open for publikum.
Eidsdal kraft er eit privatått småkraftverk som starta kraftproduksjon i 2006.
I sentrum ligg fleire kafear og butikkar. Torebuda er ein butikk med tradisjonar attende til 1885 der handelen framleis går over disk. Bygda har både barnehage, barne- og ungdomsskule. Her finst fleire campingplassar og småbåthamn.
Eidsvatnet, som er eit godt fiskevatn og populært fotomotiv, ligg rett ved riksveg 63. Foto: Vegard Lødøen


14°C




