Landskapsvernområde

Det primære føremålet med vern etter Naturvernlova er å sikre eit nasjonalt utval naturområde i overgeirangerDjupvatnet i haustfargar, Geirangerfjordområdet. Foto: Finn Loftesnesskueleg framtid. Det er eit grunnleggande prinsipp at naturkvalitetane i eit verneområde skal haldast ved like og gjerne forbetrast.

Vestnorsk fjordlandskap omfattar heile tre landskapsvernområde, eitt i Geirangerfjordområdet og to i Nærøyfjordområdet. Landskapsvernområde er ei mindre streng verneform der ein i større grad har høve til å gjere avvegingar mellom vern og bruk. Etter Naturvernlova § 5 kan areal leggast ut som landskapsvernområde for ”å bevare et egenartet eller vakkert natur- eller kulturlandskap”. I eit landskapsvernområde nærøyfjordenNærøyfjorden. Foto: Finn Loftesnesvil kulturlandskapet ofte vere ein del av det
karakteristiske kjenneteiknet på området. Forvaltninga av eit landskapsvernområde vil difor
i større grad vere retta mot skjøtsel av kulturlandskap og tilrettelegging for ferdsle.

Landskapsvernområde i Geirangerfjordområdet:
Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, areal 498 km², oppretta 8. oktober 2004.

Landskapsvernområde i Nærøyfjordområdet:
Nærøyfjorden landskapsvernområde, areal 576 km², oppretta 8. november 2002.
Bleia – Storebotnen landskapsvernområde, areal 66 km ², oppretta 8. oktober 2004.