Forvaltning

I verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er det eit overordna mål å sikre både natur- og kulturverdiane. Området inneheld også busettingsområde, og det er viktig at forvaltninga gjev gode vilkår for framhald av busetting og næringsverksemd, utan at dette svekker verneverdiane. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap vert forvalta av fleire instansar.

Som felles omgrep på heile planområdet som verdsarvområdet representerer, vert nytta Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. Nemninga verneområde omfattar 5 naturreservat og 3 landskapsvernområdet i Vestnorsk fjordlandskap og områda er regulert gjennom Naturvernlova. Verneområda vert forvalta av fylkesmennene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal fylke. Område som ikkje er verna etter Naturvernlova vert omtalt som kommunedelplan område og vert forvalta av dei respektive kommunar.

herdalssætraHerdalssætra seinhausten 2003, Geirangerfjordområdet. Foto: Lars LøfaldliDyrdal vinterstid, NærøyfjordområdetDyrdal vinterstid, Nærøyfjordområdet. Foto: Tom Dybwad