Jakt og fiske - dei første næringane

Det har vore jakta i området sidan dei første menneska kom hit, og grunneigarar og andre med jaktrett hentar framleis litt inntekter frå denne aktiviteten.

Framleis er jakta kvar haust med på å regulere bestandane av rådyr, hjort og rein. Jaktsesongen er strengt regulert ved lover og reglar, jakttider og inspeksjonsskjema, og det er sett opp kvotar for felling av dyr baserte på årlege teljingar og vurderingar av tilgjengeleg beitemark.

Gode jakthøve

Detaljerte jaktstatistikkar er tilgjengelege for dei artane ein kan jakte på, men sidan jaktvalda ikkje fell saman med grensene for verdsarvområdet, er det vanskeleg å gi nøyaktige tal for fangsten her. Stort sett kan ein seie at det finst gode stammer av både hjort og rådyr i dei bratte fjellsidene. Tre villreinstammer har delar av beiteområdet sitt innanfor verdsarvområdet, medan elg berre finst i nokre få av dei største dalane.

Ferskvassfiske

Det vert fiska etter måten lite i ferskvatn, så dette er ein fritidsaktivitet. Kommunane har ansvaret for å skjøtte ressursane på statsallmenningane. Dei gjennomfører prøvefiske i fjellvatn og tjørner, fører fangststatistikkar og organiserer salet av fiskekort for desse områda. Jordeigarar har ansvaret for å selje fiskekort på privateigd land.

Fiske i fjorden

Fiske i fjordane var tidlegare verdfullt for hushalda, men no til dags vert det fiska lite for sal til andre. Fiske er først og fremst ein fritidsaktivitet, men det går også føre seg noko kommersielt fiske i fjorden. I periodar kan det mellom anna vere godt seifiske i verdsarvfjordane.

HjortFramleis er jakta kvar haust med på å regulere bestandane av rådyr, hjort og rein. I store delar av Geirangerfjorden verdsarvområde er hjortejakta den viktigaste. (Foto: Vegard Lødøen)