Gardsdrift, seterdrift og bruken av ressursar i utmark
Heilt sidan dei første menneska etablerte gardane sine her, har gardsdrift i fjordlandskapet vore basert på husdyrhald og ein utstrekt bruk av utmarksområde til beiteland, eng, innsamling av lauv for fôr, seterdrift, jakt og fiske.
Løypestrengen gjorde det mogleg å frakte høyet direkte frå dei marginale områda og inn på låven. Den enkle wiren var like revolusjonerande for gardsdrifta på fjellgardane som traktoren var for andre gardar. (Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal)Korndyrking var avgrensa til bestemte gardar. Marginalt land og fjellområda har derfor hatt større verdi for fjellgardane enn dei bratte åkrane rundt sjølve gardstunet.
Innmark og utmark
Den tradisjonelle fjordgarden femna om innmark, utmark og ei eller fleire setrar. Innmarka vart brukt til å dyrke korn, poteter, rotvekstar, og gras til fôr. På marginalt land slo bøndene viltveksande gras, fjerna lauvrike greiner frå lauvtre og brukte dei som vinterfor, og dei felte tre for å ha ved til fyring. Frå juni til september var all buskapen; storfe, sauer og geiter, på setrane der det vart ysta ost og kinna smør. Det friske utmarksbeitet gav betre mjølke- og kjøtproduksjon, og seterdrifta var svært verdfull for landbruket.
Lauv til for
Somme stader fekk fjordgardane om lag halvparten
Greinene på trea vart toppa for å auke talet på unge skot som kunne nyttast til for. Desse toppa (eller styvde) trea fekk den karakteristiske framtoningen som ein framleis kan sjå fleire tiår etter at bøndene slutta å sanke lauv. Dette biletet er frå Jimdalen i Tafjord. (Foto: Hegelin Waldal)
av foret frå marginalt land, der dei slo gras og sanka lauv som verdifullt tilleggsfôr. Dette skjedde heilt fram til 1960. Varmekjære lauvtre, som alm, ask og lind, hadde den høgste næringsverdien, men dei var ikkje så mange. Då var det meir av bjørk, som ikkje var så næringsrik. Greinene vart toppa for å auke talet på unge skot, og desse toppa (eller styvde) trea fekk den karakteristiske framtoningen som ein framleis kan sjå fleire tiår etter at bøndene slutta å sanke lauv.
Løypestrengen
I det bratte og nesten utilgjengelege fjordlandskapet har folk alltid måtta bere nesten alt på ryggen, og ein stor del manuelt arbeid er lagt ned på land som det var vanskeleg å arbeide med. Gjennom hundreåra har folk utvikla spesielle teknikkar og praktiske løysingar for å gjere arbeidet lettare. Engene på marginalt land låg ofte langt unna garden, så graset måtte først takast ned til fjorden, før det vart frakta over fjorden i båt og deretter bore opp på heimgarden. Frå om lag 1870, den siste perioden før folk forlét fjorden og fjellgardane, vart det vanleg med løypestreng. Løypestrengen gjorde det mogleg å frakte høyet direkte frå dei marginale områda og inn på låven. Den enkle wiren var like revolusjonerande for gardsdrifta på fjellgardane som traktoren var for andre gardar.
Eit lys i stovevindauget
Folket langs fjorden har vore meir avhengige enn andre av å ha gode forhold til naboane sine, og dei gav kvarandre ei hjelpande hand for å løyse dei mange praktiske oppgåvene i gardsdrifta. Der finst mange døme på at det som allereie i utgangspunktet var marginale gardar, vart delte for å halde ved like viktige relasjonar mellom naboar. Folket langs fjorden hadde også eigne signal for å gi beskjedar til kvarandre: Eit lys i stovevindauget om kvelden eller eit stykke tøy i åkeren om dagen kunne gi viktige beskjedar til nabogarden, som gjerne låg fleire kilometer unna, kanskje på andre sida av fjorden.


16°C




