Kulturminne og identitetsberar
There is no translationIngen har vel som den danske filologen Axel Olrik (1910:8) laga eit meir illustrerande bilete av stadnamna som kulturminne:
… vort Fædreland i sin hele Udstrækning og hver Plet af det med sit Navn indskrevet – som et Vidnesbyrd for kommende Slægter om, hvem der fæstede Bo: deres Bygd og Næring, deres Tro og Tingsted, og deres Stat og Stammer. Og Spørgsmaalet er da til os: skal vi naa at læse denne Skrift, inden den forvitres?
I eldre tider var garden – slektsgarden – den økonomiske og sosiale eininga som alt liv var bygd opp omkring. Dette gjer at bustadnamna kjem i ei særstode. I motsetnad til mange andre land i Europa har ein stor del av norsk jordbruk vore basert på spreidd busetnad med vanskelege driftsvilkår. I Geirangerfjordområdet har dette vore hovudregelen, jamvel om fjellgardane langs fjorden ikkje var prega av fattigdom, slik tilfellet var andre stader i landet, men først og fremst av hardt slit og strev.
Stadnamn som identitetsberar
Stadnamna er også ein grunnleggjande identitetsberar, særleg fordi dei i sitt vesen er konservative uttrykksformer for vedkomande målføre og tradisjonell lokal kultur. Dei formidlar eit mangesidig bilete av eldre generasjonars røynsler og innsikt i samspelet mellom menneske og natur. Stadnamna er ei verdifull lokalhistorisk kjelde, samstundes som dei utgjer ein trivselsfaktor i eit lokalsamfunn. Dei er også ein del av språkarven, som blir formidla gjennom målføreuttalen, målføregrammatikken og ordtilfanget i målføret. I dag blir vel identitetsfunksjonen oppfatta som viktigare enn adressefunksjonen for folk flest.
Tolking av utvalde stadnamn
Ein viktig føresetnad for tolking av stadnamn er sikker og god kjennskap til målføret, lydsystemet, substantivbøyinga, ikkje minst dativbruken, og ordtilfanget både i eldre og yngre mål.


10°C




