Gardsnamn
Bustadnamn er namn på stader der menneske bur eller har budd fast. Det er namn på grender, gardar, gardsbruk, husmannsplassar, sætrar, hytter og villaer. Den mest interessante namnegruppa er gardsnamna, sidan det var garden som utgjorde den grunnleggjande økonomiske og sosiale eininga i området.
Vi skal samle oss om namna på utvalde strandgardar og fjellgardar, særleg dei mest uklåre namna. Vi byrjar med Matvika og følgjer fjorden innover.
Matvika
Matvika er ein fråflytt, liten strandgard, som ligg på nordsida av Geirangerfjorden, like innanfor Lundaneset. På grunn av godt klima og god jord var Matvika grøderik. Dei byrja tidleg med hagebruk og dyrka til og med eksotiske frukter som aprikosar og tomatar, og på det meste hadde dei om lag 150 plommetre. Men dei kunne ha problem med å skaffe nok vatn til folka og husdyra dei hadde, nærare 100 geiter og nokre kyr og sauer. Difor måtte dei om vinteren av og til ro over fjorden for å hente vatn i Oterhola. Som transportmiddel opp til husa brukte dei løypestreng dregen med handemakt. Garden hadde også eiga sæter høgt til fjells, Matviksætra. Garden vart fråflytt i 1961.
Det er gjeve fleire tolkingar av namnet Matvika, men ingen av dei er sjølvsagde eller innlysande. Uttalen er /ma:tvikja/, og namnet er samansett av mat m. med stammeform, norrønt matr m., og bunden form eintal av vik f. ’liten fjordarm, kil, våg’, norrønt vík f. På kartet står Matvik i ubunden form, men den eldste skrivemåten har bunden form. Sisteleddet høver med landskapet, for garden ligg ved ei lita, lun vik.
Den mest sannsynlege tydinga av førsteleddet mat- i Matvika er ’godt beiteland’, eventuelt ’mat for både menneske og dyr’. Fleire stader i landet er nemleg godt beite omtalt som «mykje mat». Oluf Rygh (1908:110) nemner at mat kan vise til ein stad der dei kvilte og åt, og meiner dette er sannsynleg her, fordi Matvika ligg innanfor Lundaneset, og at ein måtte skifte kurs her. Etter mitt syn er dette ei temmeleg usannsynleg tolking.
Horvadraget
Også garden Horvadraget /hørvadra:je/ ligg i eit bratt fjellterreng. Ivar Aasen (1873) seier det må vere same ord som Horvardrag, med tydinga Stribe eller Fure efter en Harv. Namnet kunne då sikte til skredfòrer eller liknande striper i terrenget. Likeins ligg Megardsplassen (’midtgardsplassen’) i eit bratt fjellområde.
Syltavika
På andre sida på fjorden ligg strandgarden Syltavika, midtveges mellom Hellesylt og Maråk. Garden vart fråflytt i 1961-62. Sisteleddet i namnet er det same som i Matvika, og garden ligg ved ei vik. Førsteleddet har a-form, sylta-, og dette namneleddet finst i fleire namn frå Møre og Romsdal. Alle viser til lågtliggjande og fuktig lende nær ved sjøen.
Ivar Aasen (1873) fører opp ordet sylt, som han forklarar slik: Et andet Sylt (eller Sylte) bruges kun som Stedsnavn og synes at betyde en fugtig Grund nær ved Søen. A-forma må gå attende til ei genitivsform på –ar i norrønt, sidan regelen i sunnmørsmålet er at ein norrøn genitiv på –ar bli uttalt som –a.
Blomberg
Fjellgarden Blomberg ligg på eit fjellplatå ovanfor garden Syltavika, heile 452 meter over havet. Vegen opp frå sjøen har 28 svingar til dels langt ei djup kløft. Men sjølve husa ligg trygt for fonnfare. Garden vart fråflytt i 1947, men er framleis nytta som feriestad. Daglegnamnet for garden er Hølten, bunden form eintal av holt m., uttalt /hølt/, ’høgd, bakke, eit steinut og ujamt høgdedrag’. I dag er Blomberg mest brukt. Skriftforma Blomberg er heimla frå 1666 og 1723, altså ubunden form av sisteleddet berg n. ’heil eller samanhangande fjellmasse’, norrønt berg n. Førsteleddet er samansett med stammeform av blom m., som er ei bregnenemning.
Knivsflå
Den fråflytte fjellgarden Knivsflå ligg på nordsida av Geirangerfjorden på eit platå om lag 250 meter over fjorden. Han ligg ved sida av dei sju fossane med namnet Dei sju systrene, med fossen Geitfossen (Friaren) rett over. Garden vart fråflytt i 1898, fordi kommunestyret meinte at risikoen var stor for at ein fjellhammar ovanfor husa ville rase ut. Steinsprang og ras har teke livet av seks personar i løpet av 100 år.
Namnet er eit såkalla relasjonsnamn, dvs. laga av eit anna namn, i dette tilfellet av Kniven. Daglegnamnet var også /kni:vinj/, som er namn på ei skarp fjellegg. Førsteleddet er såleis s-form av Kniven og ubunden form eintal av flå f. ’avsats i ei fjellsida, lita flate med bratt berg både ovanfor og nedanfor’, norrønt flá f., fleirtal flár. Ordet flå finst i fleire namn frå dette området. Lars Ørjasæter (1991:69) gjev opp bunden form av namnet, Knivsflåa, medan Oluf Rygh (1908:111) berre fører opp skriftforma, sidan Kniven var talemålsforma.
Skageflå(na)
Fjellgarden Skageflå(na) ligg på andre sida av fjorden med god utsikt til Knivsflå og fossane. Garden ligg på ei brei flate, ei flå, oppå Kvitfjellet om lag 250 meter over fjorden. Fram til 1855 måtte dei bruke stige for å kome opp. Som dei andre fjellgardane langs fjorden er også Skageflå fråflytt (1916), men husa er vølte. Etter det vi veit, hadde dei 118 sauer på garden, nokre kyr og ein okse. Barna måtte visst nok tjorast med tau så dei ikkje skulle falle utfor stupet.
Oluf Rygh (1908:113) fører opp riksmålsforma Skageflaaen, sidan han nytta felleskjønn og ikkje hokjønn, men han gjev opp talemålsforma /ska:geflå:na/, eller berre /flå:na/, altså bunden form eintal av flå f., som er fullt ut i samsvar med eldre uttale. I dag er vel den ubundne forma mest vanleg. Førsteleddet er stammeform av naturnamnet Skagen. Subst. skage m. tyder ’framstikkande berg, ofte ved sjø eller vatn; odde, nes’, norrønt skagi m.
Homlong
Homlong er eit særmerkt namn. Det har truleg samanheng med ordet humul m., som Ivar Aasen (1873) forklarar slik: Steen, især om rundaktige Stene. Suffikset -ong, norrønt -ungr, finn ein i fleire namn. Sidan -ong er eit ordlagingselement, har det ikkje ordtyding i vanleg forstand. Den norrøne forma skulle då bli *Hǫmlungr. Ein kunne få mistanke om at namnet kan ha samanheng med steinras og fonna som ofte har gått der.
Gjørva
Gjørva er eldste garden i Geiranger. I mellomalderen låg han under Bakke kloster i Nidaros. Sisteleddet på –a i Gjørva går attende til norrønt vin f. ’naturleg eng’ og er eit såkalla vin-namn. At vin-namn får notidsform på –a er vanleg i Møre og Romsdal. Men førsteleddet i Gjørva er svært vanskeleg å tolke. Oluf Rygh (1908:112) trur at det må kome av eit ord gor n. ’gjørme, søle’, og det kan vel kanskje høve med terrenget. Det har også vore nemnt at namnet kan ha samanheng med fjordnamnet.
Vinje
Garden Vinje ligg på ei flate om lag 100 meter over havet. Funn av skjeljer tyder på at havet har stått så høgt ein gong i istida. På Vinje ligg det fleire gravhaugar. Som Gjørva er Vinje også eit vin-namn. Det går attende til norrønt *Vinjar, fleirtal av vin f. ’naturleg eng’. Ordet vin var utdøydd alt i klassisk norrønt (ca. 1200). I Noreg har vi om lag 1000 vin-namn, som alle har høg sosial status.
Maråk
Ei åttekanta kyrkje frå 1842 ligg ved garden Maråk. Sisteleddet er åker m., norrønt ákr m., men førsteleddet er usikkert. Det kan kanskje gå attende til norrønt marr m. ’hest’, og etter tradisjonen skal det ha vore hestemarknad her.
Møll
Møll /møll/ kan kanskje kome av ordet mòl m. ’banke eller øyr av småstein i strandkanten’, norrønt mǫlr m., med overang frå kort å-lyd i norrønt til kort ø-lyd i målføret, jf. /hørvadra:je/ og /hølten/. Men dette er nok ikkje opplagt, sidan garden ligg oppe i bakken eit heller langt stykke frå sjøen.
Grande
Namnet Grande er sjølvforklarande. Det er laga av grande m. ’sandbanke, grusbanke, sandmel ved elv eller vatn’, norrønt grandi m., og høver godt med landskapet.
Årset
Namnet Årset finst fleire stader på Sunnmøre, mellom anna i Volda, Ørsta, Borgund, Hjørundfjorden og Norddalen. Reint språkleg er det nærliggjande å tru at førsteleddet er det same i alle desse namna, nemleg genitiv eintal av å f., norrønt á ’elv’, dvs. áar eller ár. Men i Geiranger er det ikkje noka elv i nærleiken som tilseier dette. Difor må det anten vere eit personnamn (Orm) eller trenamnet older, norr. ǫlr (elri n. ’olderlund’). I Geiranger er det truleg elri n. som ligg til grunn, og er samansett med set ’bustad, tilhaldsstad’, norrønt setr n. Den norrøne forma ville då vere *Elrisetr.
Bringa
Garden Bringa /bringå/ ligg på nordsida av fjorden. Namnet er bunden form eintal av bringe f. ’bryst’, og er brukt om framstikkande fjell. Garden ligg under eit slikt fjell.
Gomsdalen
Gomsdalen ligg i ein romsleg og flat dal høgt til fjells på nordsida av fjorden. Han var ein av dei minst tilgjengelege fjordgardane. Gomsdalen utgjorde først eitt bruk, som låg under kyrkja, frå 1813 var det to bruk. Begge vart fråflytte i 1907. Opphavet til namnet er svært uklart. Det kan vere laga av fjellnamnet Gumpen, som truleg går attende til norrønt gumpr m. ’gump, sete’. Av eldre skriftformer, til døms Gougsdal 1666 og Gousdal 1723, går det fram at det kan vere same namnet som Gausdal, laga av eit elvenamn, Gaus eller Gausa.


5°C




