Kort om naturtilhøva
Av Dag Holtan, biolog
Stort mangfald og stor variasjon er typisk og det mest framståande trekket ved vegetasjonen og plantelivet i verdsarvområdet.
Topografien i verdsarvområdet er dramatisk, med tronge og djupe fjordar, smale dalføre, fleire mektige fossar og gjel, bratte fjordlier, rasmark og mange fjell som strekkjer seg opp mot 1900 meters høgd, der det ofte er blåbrear og stupbratte fjellsider.
Lite kravfull flora
Mestedelen av berggrunnen i området er sur, hard og næringsfattig gneis som på si side er viktig for ein i hovudsak nøysam og lite kravfull flora. Kalkområde eller baserik berggrunn med ein meir kravfull og artsrik flora er såleis ikkje vanleg, men finst spreidd. I bratte lier syner også floraen somme stader at det må vere tilgjenge på eit rikare sigevatn, noko som saman med mineraljord gir grunnlag for ein rikare flora.
Varm sommar, mild vinter
Andre tilhøve som spelar inn på vokstertilhøva er vêrlaget og vegetasjonsgeografien. I verdsarvområdet generelt, og særleg i meir beskytta fjordarmar, er det varme somrar og relativt sett milde vintrar. Dette gjeld for låglandet.
I fjellet er det annleis, ofte med mykje snø som vert liggande att etter vinteren, slik at ein kan finne såkalla snøleiesamfunn med ein godt tilpassa flora. Vegetasjonsgeografien er interessant i den forstand at ein finn plantesamfunn som er rekna for å vere kystbundne, samstundes som ein finn mange artar som høyrer til eit søraustleg element. Desse artane har meir isolerte førekomstar i verdsarvområdet enn tilfellet er elles i fylket.
Nordleg veksegrense
Det er ikkje berre spennvidda mellom vestlege og austlege plantesamfunn som er påfallande, mykje av det same gjeld også gradienten sør-nord. Fleire av plantane som er funne innafor området har nordlege utpostlokalitetar og veks her nær si verdsnordgrense, samstundes som her er eit stort mangfald av fjellplantar som er vanlegare nordpå.
I eit skjeringspunkt
Somme av fjellplantane er også bisentriske, det vil seie at dei har klart skilde utbreiingsområde i Nord- og Sør-Noreg.
Samla sett ligg verdsarvområdet i skjeringspunktet mellom aust og vest, kyst og innland, mellom høgfjell og lågland, med artar og element som er heimehøyrande i dei fleste av dei såkalla vegetasjonsgeografiske regionane.


11°C




