Rike edellauvskogar

There is no translation

Artsrik planteflora

Ein artsrik og varmekjær planteflora er karakteristisk, og sjølv om edellauvskogane utgjer berre ein liten del av arealet, er det her ein finn størstedelen av mangfaldet.

Varmekjære, meir kystbundne artar, og søraustlege artar innafor verdsarvområdet er gjerne slike som bakkemynte, bergmynte (kung), fuglereir, grov nattfiol, kjempesvingel, kusymre (berre ved Ljøen), laukurt, lundgrønaks, morell, ramslauk (berre i Sunnylvsfjorden), skogfaks, skogskolm, skogsvingel, tannrot og villapal.

Raudlisteartar

Av artar oppførde i den nasjonale raudlista over truga artar, kan ein nemne bergfaks (berre ved Ljøen) og kvit skogfrue (berre ved Hyskjet). Andre kravfulle artar er gjerne breiflangre, junkerbregne, krattfiol, lakrismjelt, myske, raudflangre, svarterteknapp og vårerteknapp og andre. Dei rikaste utformingane blir gjerne kalla for lågurtskogar.

«Fjordsoppar» og «vestlandssoppar»

Særleg er områda ved Bringa og Grande artsrike og velutvikla, og her finn ein også truleg eit stort mangfald av sjeldne soppar. Det er grunn til å framheve funna av safranslørsopp, sinoberslørsopp og mange såkalla beitemarkssoppar/em>, som er typiske for gode utformingar av rikare edellauvskog.

Begge dei nemnde artane tilhøyrer elementet ein no kallar for «fjordsoppar» og har truleg det norske tyngdepunktet sitt i dei vestnorske fjordane. Samstundes veks dei saman med mellom andre falsk brunskrubb og svartnande kantarell, som blir rekna som meir kystbundne artar («vestlandssoppar»).

Framifrå matsopp

Igjen møtest kyst og innland, og det vestlege og søraustlege elementet. Ein framifrå matsopp som bleik kantarell må også nemnast. Somme år kan denne vere svært talrik, gjerne der ein finn hassel og hengjebjørk saman i rik lågurtskog.