Gråor-almeskog
Gråor-almeskog er ein variant av rik edellauvskog, men veks oftast noko meir skuggefullt og har difor eit anna og ikkje fullt så rikt artsinventar.
Gråor, alm og hegg er ofte dominerande treslag, medan andre treslag spelar ei mindre rolle. På skuggefulle og fuktige stader er utformingar med store bregnar og høge staudar vanlege, og særleg vanlige er utformingane med bregnane strutsveng og skogburkne.
Næringsrike skogar
Skogane er gjerne rike på nitrogen, og plantar som bringebær, skogstjerneblom og stornesle (brennesle) kan dekkje store areal, medan mjødurt, turt, tyrihjelm og vendelrot er vanlege innslag saman med mange andre høgstaudar.
På rasvifter
Fleire av plantane når ofte ei høgd på to meter eller meir. Samstundes ligg lokalitetane gjerne på rasvifter eller lausmassar, slik at det kan vere ein risikosport å ferdast her, då ein ikkje veit kvar ein set foten.
Best undersøkte av gråor-almeskogane er i området Hyskjet-Grande i Geirangerfjorden og området ved Ljøen i Sunnylvsfjorden.
Soppfloraen overflatisk undersøkt
Når det gjeld sopp i denne naturtypen er det berre tilfeldige og overflatiske undersøkingar til no. Ein vakker og serprega art er likevel indigoraudskivesopp, som veks på rotne stubbar eller læger av alm, gråor eller hassel, meir sjeldan på andre treslag.
Det same gjeld eit utval av østerssoppar, somme kjuker (der særleg skjellkjuka er lett kjenneleg og karakteristisk), almeknippesopp, narrepiggsopp og andre som er knytte til alm, særleg til daud ved eller til sårskadar på trea etter steinsprang osb.
Hjorten trugar almen
Alm står no oppførd i den nasjonale raudlista over truga artar i kategorien «NT» (nær truga), dels grunna almesjuka og dels grunna overbeiting frå hjortedyr.
I området til dømes rett ovanfor Grande camping er det no eit høgt innslag av daude tre, både unge og riktig gamle og grove. Dette skuldast hjortebeiting, og den negative utviklinga har skote fart dei siste ti åra. Samstundes tar hjorten seg av forynginga, slik at moglegheita for overleving for frøplantar er tilnærma lik null der hjortedyra kjem til.


12°C




