Fossar og elvar
There is no translationMest kjende er nok Flydalsjuvet, Friaren og Dei sju systrene, men også elva ned frå Bringa, Grandeelva, Herdalselva og gjølet ved Skrenakken har kvar på sin måte store biologiske eller estetiske kvalitetar.
Sunnmørsmarikåpe
Karplantefloraen er til vanleg det ein kallar trivial, ofte med vanlege og vidt utbreidde høgstaudar og store bregnar langs elvekanten og i nærleiken av fossesprøytsamfunna.
Eit viktig unnatak er sjølvsagt sunnmørsmarikåpa, som vart oppdaga av den svenske botanikaren S. Ericsson som ny art for vitskapen for om lag 20 år sidan.
Hovudutbreiinga er i Norddal, med eit par funn i Stranda og eitt i Sykkylven. Dei viktigaste kjende førekomstane til no er nok i Herdalselva frå Damfossen og eit par kilometer nedover elva.
Spesialisert mose og lav
Likeeins er marikåpa etter måten talrik ved Dyrdalsfossen, og elles meir spreidd innafor verdsarvsområdet. Utanom karplantar er det grunn til å tru at føsserøyksoner og djupe gjøl har ein kravfull og spesialisert flora av mosar og lav.


6°C




