Kulturlandskap
There is no translationOfte var det vårbeite, slått i august og haustbeite som var den vanlege måten å drive på, og dette fremjar førekomsten til mange spesialiserte artar.
Naturengplantar
Typisk i slikt landskap er det ein kallar for naturengplantar og seterplantar, men òg mange soppar. Døme på slike er til dømes aurikkelsvæve, blåklokke, brudespore, engfiol, finnskjegg, flekkmure, gjeldkarve, gulmaure, hårsvæve, jonsokkoll, jåblom, kattefot, kvitkurle, kvitmaure, marinøkkel, prestekrage, smalkjempe, sølvmure, tiriltunge og mange andre.
Spesialiserte soppar
Soppane i kulturlandskapet er oftast sterkt spesialiserte, og mange av dei har sine einaste eller viktigaste leveområde i gamle slåttenger eller naturbeitemarker, altså i område med lang kontinuitet i drifta.
Av meir lett kjennelege artar finn ein til dømes. mange såkalla vokssoppar. Fleire av dei er både fargerike og store og dermed lette å oppdage. Andre viktige slekter er raudskivesoppar, fingersoppar og køllesoppar.
Landskapet gror att
Viktige, tradisjonelt drivne kulturlandskap som samstundes har eit rikt og variert biologisk mangfald finn ein til dømes ved Herdalssetra, øvst i Eidsdalen, ved Grande, Møllsæter og Vesterås.
Hovudregelen i vår tid er likevel at landskapet gror att grunna vantande skjøtsel, noko som til dømes gjeld for alle hyllegardane, eller at det vert jordarbeidd og gjødsla slik at mange artar forsvinn.
Styvingstre
Styvingstre er mest vanleg utanfor verdsarvområdet. Det kan likevel vere verd å peike på at desse (særleg alm) kan ha ein spesialtilpassa flora av lav eller soppar.
I sum kan ein seie at når det gjeld flora og vegetasjon er det skog, soleksponerte rasmarker og tradisjonelt drivne kulturlandskap som har dei største biologiske mangfaldet innafor verdsarvområdet.


8°C




