Åkernesrenna
There is no translationMen ved å gå tilbake i historia, også ved hjelp av ny teknologi kartleggje dei gamle skreda på fjordbotnen – kan vi slå fast at slike skred har skjedd mange gonger, og vil skje igjen.
Sårbare
Nettopp i desse traktene med ei historie om store fjellskred og flodbølgjer, har ein grunn til å vere ekstra på vakt. Som følgje av utbygging av tettstader og infrastruktur langs fjordane, er vi også blitt meir sårbare for flodbølgjer.
Pionerfylke
Erfaringane etter Tafjordulykka og Skafjellulykka viser klart at folk observerte teikn i fjellet før katastrofen. Møre og Romsdal er eit pionerfylke i arbeidet med fjellskredrisiko, og granskingar særleg av fjella i Storfjordområdet har gitt grunn til ei viss uro, men også ei ny forståing og ein ny sjanse til å føresjå fjellskred.
Sprekksystem
Særleg frå 1960-åra vart det lagt merke ein stor fjellsprekk som opna seg ved Åkerneset på vestsida av Sunnylvsfjorden, mellom Stranda og Hellesylt. Frå 1986 kom dette området delvis under overvaking, og det vart målt årlege utvidingar av sprekken.
Seinare har meir omfattande undersøkingar avdekka eit sprekksystem med årleg utviding på 3–20 cm, og at 60–100 millionar kubikkmeter er i rørsle. Eit stort skred herifrå kan lage ein tsunami som truar mange bygder i fjordstrøka, i verste fall heilt ut til kysten.
Overvaking
I dag er det etablert ei opplegg for overvaking av Åkernesremna, og på Stranda er oppretta ein fast stasjon for beredskap, varsling og evakuering. Styresmaktene set inn store ressursar på dette, og fagfolk har teke i bruk den meste moderne teknologi både for å forstå kva som skjer i fjellet og konsekvensane av dette. Før i tida kunne folk berre vente og håpe på det beste, men i dag er blitt gjort tiltak som har gjort at storfjordfolket kan kjenne seg tryggare.


0°C




