Skafjellulykka og Tafjordulykka
There is no translationI alt fall ut fleire millionar kubikkmeter, noko som laga 30 meter høge flodbølgjer, og 17 menneske omkom, mellom desse alle fem barna på Uren.
Flodbølgjer
Det kom også til store materielle skader på Stranda, mellom anna på kyrkja. Ei stor jekt vart kasta opp i kyrkjegarden. Det kom tre flodbølgjer heilt ut til Abelset i Ørskog, 25 km unna. Det blir fortalt at bølgjene kunne merkast 7 mil unna. Det er reist minnestein på Stranda, og på ferjestrekninga Gravaneset-Stranda kan ein tydeleg sjå skredfaret.
Tafjordulykka
Ei liknande ulykke skjedde vel 150 år seinare. Folket i Fjørå hadde visst om ein veksande sprekk i Langhammaren ved Tafjorden i 60 år før hammaren fall ut natt til 7. april 1934. Fjellet stokk ut frå 730 meters høgde og tok med seg Heggura under, med ein samla masse på 3-5 millionar kubikkmeter vart det laga flodbølgjer som slo inn- og utetter fjorden.
Dei vart opp til 63,5 m høge. I bygda Tafjord slo 17 meter høgde bølgjer 200–300 meter innover land, og i Fjørå vart dei 12–14 meter høge.
Materielle skadar
Det omkom 23 menneske i Tafjord og 17 i Fjørå då i alt 13 heimar vart tekne. Berre 11 menneske vart funne att. Alt ved sjøen vart vaska vekk. Det vart store materielle skadar i bygdene ved Norddalsfjorden, og ein merka bølgjene heilt til Geiranger, Sjøholt, Straumgjerde og Hjørundfjorden.


16°C




