Fjellskreda frå Årsetfjellet og ved Åkerneset
There is no translationOgså segna om garden Hyske som låg ved Geirangerfjorden, rett under Utsiktsvingen i Ørnevegen, er vanskeleg å datere.
Ikkje nemnt i kjeldene
I si tid låg ein gard og marknadsplass på eit nes, så kom eit skred frå Årsetfjellet og sopte alt på sjøen. Skredet må ha gått før 1603. Nye undersøkingar av sjøbotnen med multistråleekkolodd stadfester at akkurat her har det gått eit fjellskred. Flodbølgjene må utvilsamt ha vore store i heile fjordsystemet, men ingen historiske kjelder nemner noko om dette.
Åkerneset i 1701
Den 15. mai 1701 kom skredet ved Åkerneset i Sunnylvsfjorden som tok kyrkjebåten med norddalspresten Knut Harboe, klokkaren og nesten heile båtmannskapet. I dag blir staden kalla Prestheller. Minst sju menneske døde, og store flodbølgjer slo sikkert vide omkring.
Om sommaren 1845 gjekk eit steinras over Bjørkneset på Ljøen, mellom Hellesylt og Stranda, som tok husa og 3 barn miste livet. Faren og mora var akkurat eit ærend til Hellesylt.


13°C




