Skreda førte til fråflytting
There is no translationStova var plassert bakom ein stor stein til vern mot fonna. Gardbrukaren og dei fire yngste som var i stovehuset klarte seg fint. Mor og dotter i fjøset vart tekne, men funne att i live, dottera utruleg nok etter 22 timar under snøen. Men dei to kårfolka omkom.
Ved garden døde to menn av snøskred også i 1802. Etter 1868-skredet vart Furneset avfolka.
Vesteråsfonna i 1889
Det vart sagt at det ikkje hadde gått store snøskred over Vesterås i Geiranger på 200 år. Men i februar 1898 kom Vesteråsfonna og tok med seg løe, fjøs og 18 husdyr, medan ei jente berga seg så vidt. Folka meinte dette var ei eingongshending og bygde opp att, men dei neste fonnene kom berre ni år seinare.
Fråflytta etter skred
22. februar 1907 tok snøskred vekk så godt som alle husa på Vesterås og tre menneske døde. Morgonen etter kom ei ny fonn som råka nabobruket Holebakk. Nettopp der folket hadde samla seg fordi dei trudde det var tryggaste staden, og heile 10 menneske kom inn i skredet.
Mennene på Holebakk var farne av stad for å ta del i bergingsarbeidet på Vesterås, på same tid som deira eigne heimar forsvann. I alt 13 menneske og 76 husdyr døde. Holebakk vart fråflytta. På Vesterås bygde dei husa bygde opp att, men vågde ikkje lenger å bu der om vinteren.


14°C




