På trygg grunn?
There is no translationDet viktigaste elementet i byggjeskikken på bygdene var at husa vart ordna med mønet i dalretninga. Plasseringa av tuna var grunngitt av praktiske omsyn; som nærleik til bruket ein skulle drive, å spare på jordsmonnet, praktiske beiteområde, tilgang til vatn, veg og anna. Men det er klart at tryggleiken var og er ein viktig faktor. Stod husa, særleg då bustadhuset, trygt for «øvefåre»? Det vart mest avgjerande mange stader.
Las landskapet
Naturlege formasjonar i terrenget som kunne gi vern, vart utnytta, og det vart i tillegg bygd vollar eller murar for å leie skredet unna. Ein lytta til dei gamle for å finne tryggaste staden for huset, i somme tilfelle med ein presisjon med få meters slingringsmon. Ein las i landskapet korleis skredbanen ville bli, merkte seg at dersom eit tre hadde stått der i 2–300 år, så var dette ein sikker plass også for ein bustad.
Me-Åkerneset
Den meste kjente terrengutnyttinga i så måte er på Me-Åkerneset ved Sunnylvsfjorden. Der kom ofte katastrofale skred i eldre tid. Det er blitt fortalt at ein gong gjekk det heile 20 år utan snøskred kom over garden. Dei verste vi kjenner skjedde i 1714 då tunet vart teke heilt ut av snøskred, truleg omkom alt folket og kreaturet.
I 1846 kom storulykka på nytt og to barn og elleve husdyr let livet. Etter dette vart våningshus, fjøs og løe bygd saman innunder ein hammar slik at skredet går over taket utan å knuse huset. Dette har gått bra mange gonger, også i storskredet i 1905 då snøskredet slo over heile Me-Åkerenset, knuste enden av fjøset, sopte vårfjøs og utmarksløer bort, men folk og fe i huset under hammaren klarte seg.
Furneset og Horvadraget
Andre slike eksempel er på Furneset der heimen vart plassert bakom ein stor stein. Også bustadhuset på Horvadraget vart bygt slik at iallfall halvdelen var trygt innunder ein berghammar, mens andre halvdelen var ute i det «fri». Det har gått mange, også fatale skred her, og eit nytt steinras som sopte vekk denne frie husenden, vart den endelege årsaka til at også Horvardrag vart fråflytta i år 1900.
Flodbølgjer
Ein kunne tenkje seg at folk langs fjordstrendene har teke omsyn til flodbølgje (tsunami) frå potensielle, store fjellskred som kan true busetnaden langs sjøen. Kanskje gjorde folk dette i periodar, og det kan verke som om det store fjellskredet i 1731 i Skafjellet ved Stranda vart årsak til at folk ei tid let vere å byggje bustadhus nede ved sjøen.


17°C




