Fjellet og menneska
There is no translationI dalsidene har skred frakta med seg store mengder av stein og jord, og sett av mektige vifter og kjegler. Då bre-erosjonen under siste istid fjerna dei eldre skredmassane, er teikna vi ser i dag blitt laga etter at isen forsvann for 10 000–11 000 år sidan.
Ekstreme vintrar
Studiar av skredviftene fortel oss mykje om klima og skredfrekvens. Rett etter at istida tok slutt, og i eldre steinalder kom periodar med mange snøskred, også for 2500–2100 år sidan. I historisk tid var det mange snøskred i 1450–1880, med ekstreme vintrar i 1679 og 1868.
I tillegg har det gjennom heile perioden etter istida kome fjellskred meir jamt og trutt. Mange skredvifter er opp til 15 meter djupe, og det er avsett frodig, mineralrik jord som har vore freistande å nytte til jordbruk. Dette har vore med på å auke risikoen for skredulykker.
Prega menneska
Skred har såleis hatt stor tyding for dette området. Ikkje berre er landskapet blitt forma og busetnaden plassert med omsyn til skredfaren – også menneska sjølve er prega av denne permanente kampen mot naturkreftene.
Skredulykker og flaumar (som også gir skred) er den mest vanlege naturkatastrofen her, og hatt store konsekvensar for folket – og sjølv om det manglar undersøkingar om dette, vil vi tru at også sinnelag og tankegang er merkt av dette.
Skredutsett
I Noreg har det gjennom tidene dødd 10–15 menneske årleg av skred, dei fleste i bustadområde (77 prosent). Dei to kommunane Norddal og Stranda i verdsarvområdet er mellom dei mest skredutsette i heile landet, og har vore med på å setje preg på denne statistikken. Berre i dette området har over 250 menneske late liv av skred i løpet av dei siste 400 åra, det vil seie i gjennomsnitt 0,7 dødsfall kvart år.
Bygde ut frå erfaring
Sjølv om dødsfalla har vore mange, har skredhendingane eigentleg vore så talrike at vi likevel må undre oss over at det ikkje har gått endå fleire liv. Men folket har hausta nok erfaring til å plassere husa rett, ferdast utanom skredfar og syne varsemd ved visse vêrtilhøve. Generasjonars observasjonar har gitt stor kunnskap om lokal skredfare, og ein har lært å ta faresignala på alvor.


9°C




