Grunnfjellgeologien er nøkkel til historia
Grunnfjellgeologien i området frå Karmøy og Kristiansund er nøkkelen til å forstå den geologiske historia i Vest-Skandinavia.
Fjella er danna i fleire tidsepokar, og merka etter dette er tydelege når ein studerer landskapet og dei einskilde steinartane. Den siste istida, som i geologisk samanheng var i nyare tid, fjerna alle spor etter påverknad frå vind og vêr, og etterlet ei vakker overflate som var bølgjepolert og skura av isen.
Fjordane, som skjer seg djupt ned i det ferske grunnfjellet, gir på eineståande vis innsyn i den geologiske historia ved at utgjer eit samanhengande snitt gjennom fjellmassivet. Såleis er fjordane viktige fordi dei gjer det mogleg for oss å undersøkje berggrunn som fortel ei svært kompleks utviklingshistorie.
Gneis
Grunnfjellet i Geirangerfjordområdet inneheld hovudsakleg prekambrisk gneis frå det vestlege gneisområdet, og det meste av dette er opphavleg vulkansk. Somme innslag av grovkorna granittisk gneis utgjer ein relativt einsarta masse i den elles lagdelte og varierte gneisen.
Glimmer (kråkesølv) og skifer finst somme stader. Desse steintypane representerer sedimentære bergartar som vart omforma til krystallinsk stein gjennom metamorfose – høgt trykk og høg varme.
Høgt trykk, høg varme
Ulike førekomstar av eklogitt og olivinrik peridotitt finst lokalt. Eit stort område i aust inneheld augen-gneis med innslag av kvartsitt, paragneis og fleire felt med olivinrike bergartar. Denne delen av fjellet vart pressa over den underliggjande gneisen gjennom den kaledonske fjellkjedefaldinga.
Til forskjell frå Nærøyfjordområdet har ikkje grunnen i Geirangerfjordområdet spor etter den svekonorvegiske fjellkjededanninga (1130–900 millionar år sia), men den skandiske platekollisjonen (ein fase i den kaledonske fjellkjedefaldinga, 420 millionar år sia) førte til omdanning av bergartar under svært høgt trykk og sterk varme.
Prosessar djupt nede
Denne geologiske prosessen gav oss mellom anna eklogitt, ein steintype som berre vert til under høgt trykk. Dette er ein påfallande og ganske uvanleg bergart, som hovudsakleg består av raudleg til rosa granat og grøn pyroksen (omfasitt). Spesielt interessant er den lokale førekomsten av mikroskopiske restar av mineralet koesitt, ei kvartsform som er danna under svært høgt trykk og moderat sterk varme (700 °C). Dette har skjedd 100 km nede i jordskorpa.


19°C




