Ei historie skriven i stein (1600-100 millionar år)

Fjordlandskapet i Vest-Noreg står i ei særstilling fordi det så synleg og tydeleg viser fram den geologiske historia, fordi det har så breitt spekter av imponerande natureigenskapar, og fordi det utfordrande og tidvis uvennlege landskapsmiljøet har hindra at menneska har gjort store inngrep her.

Grunnfjellet i området er arven etter dei mange store tektoniske periodane som har bygd opp fjellkjeder, slukt og omforma bergartar djupt nede i mantelen, lyfta dei opp att til overflata der andre krefter som luft, vatn og is har pressa, polert og pussa på landskapet så det er vorte som vi ser det i dag.

Steingammalt

Tilgjengelege kunnskap viser at den eldste berggrunnen i Vest-Noreg må ha vore forma for meir enn 1650 millionar år sidan. Men det som har hatt mest å seie for korleis berggrunnen i denne delen av Noreg er sett saman i dag, er den kaledonske fjellkjededanninga som gjekk føre seg for om lag 420 millionar år sidan. Då kolliderte eit vestleg kontinent (Laurentia) med eit austleg kontinent (Baltika) og i kollisjonssona reiste det seg ei fjellkjede vi har restar av her i Noreg, i Storbritannia, på Aust-Grønland og på austkysten av Nord-Amerika.

Høgare enn Himalaya

Då kontinenta kolliderte, gjekk den ytste kanten på Baltika djupt ned i mantelen under Laurentia, medan den tektoniske kontinentalplata Laurentia vart skyvd inn over den baltiske plata. I kollisjonssona vart dei ulike bergartslaga i jordskorpa falda over kvarandre, og det danna seg ei enorm fjellkjede som geologar meiner var større og høgare enn Himalaya-fjellkjeda er i dag. I tida etter har denne fjellkjeda erodert kraftig – det høgste fjellet i dei skandinaviske kaledonidane er i dag Galdhøpiggen med sine 2469 meter over havet. To tredelar av fjella i Noreg er restar etter den kaledonske fjellkjededanninga.

Fjella over oss – berget under

På regionalt nivå kan den kaledonske berggrunnen grupperast i ulike bergartsflak eller lag. Desse danna enorme skyvedekke som falda seg over kvarandre og vart pressa hundrevis av kilometer inn over det baltiske skjoldet. Dei skandinaviske kaledonidane er altså bygde opp av tynne, vidt utstrekte bergartsflak og skyvedekke. For å forstå korleis fjella over oss og berggrunnen under oss er skapte og forma, må vi kunne identifisere den komplekse rekkjefølgja til dei ulike bergartslaga. Vi må også forstå at desse laga er sette saman av bergartar som er danna i svært ulike settingar, og som såleis fortel kvar si geologiske historie.

Gneis – djupt ned og oppatt

Det underste laget av bergartar vert kalla den vestlege gneisregionen. Det dominerer i området og representerer eit segment frå det tidlegare baltiske skjoldet. Sjølv om det skriv seg frå proterosoikum-perioden, og såleis har ein alder på om lag 900–1650 millionar år, er bergartane kraftig endra og omgjorde under den sveko-norvegiske fjellkjededanninga for om lag 1000 millionar år sidan og den kaledonske fjellkjededanninga for om lag 420 millionar år sidan.

Den sveko-norvegiske fjellkjededanninga påverka ikkje den nordlege delen av den vestlege gneisregionen frå Geiranger og nordover.

Grunnfjellet i Geirangerfjordområdet inneheld hovudsakleg prekambrisk gneis frå det som vert kalla den vestlege gneisregionen. Gneis vert danna ved metamorfose – når bergartar vert utsette for stort trykk og høg temperatur. Den vestlege gneisregionen er eit typisk døme på at jordskorpa er vorte pressa djupt ned i mantelen – meir enn 150 km – for så å ha vorte løfta opp i dagen igjen.

Påfallande bergart

Det høgste trykket er registrert i kystdistriktet i nærleiken av Stad og mot nordaust. Bevis for desse prosessane har vi hovudsakleg frå dei sjeldne funna av mineral som diamant og koesitt (ein type kvarts danna under høgt trykk), som berre er stabile ved ekstremt høgt trykk.

Berggrunnen vidare mot innlandet viser også teikn til høgtrykksmetamorfose, og heile området er kjent for førekomsten av eklogitt, ein steintype som berre blir til under høgt trykk. Dette er ein påfallande og ganske uvanleg bergart, som hovudsakleg består av raudleg til rosa granat og grøn pyroksen (omfasitt).

Spesielt interessant er den lokale førekomsten i Geirangerfjordområdet av mikroskopiske restar av mineralet koesitt, ei kvartsform som er danna under svært høgt trykk og moderat sterk varme (700 °C). Dette har skjedd 100 km nede i jordskorpa. Det finst også fleire lommer av olivinrik peridotitt over store delar av den vestlege gneisregionen.

Internasjonal interesse

Topografien i området og det at grunnfjellet har solide høgtrykks- og ultrahøgtrykksbergartar som ligg såpass oppe i dagen, gjer at det er stor internasjonal forskingsinteresse for å studere bergartane i brei skala.

Over grunnfjellet på det baltiske skjoldet finst det stadeigne restar etter svært tynne dekkeseriar av kvartsitt og konglomerat med overliggande sediment av metamorf leirskifer og skifer.