På handelsferd med jekter
There is no translationOver Geiranger gjekk også ein allfarveg mellom Sunnmøre og Austlandet frå gammalt.
Utanbygds varehandel i eldre tid gjekk føre seg på båt- og jekteferder. Det vart jamleg gjort ferder med færingar eller større båtar, etter som det høvde til «Søndå», til Borgund og seinare Ålesund. Dei tok med seg til dømes tjøre, ved og bandebuntar, vidjer og hesjematerial. Råka dei sers ulageleg ver, kunne turen ta opptil 14 dagar.
Jekter
Med jekter vart det gjort handelsferder til Bergen og Trondheim. Jekter gjekk mest i faste ruter til desse byane. Etter kyndelsmesse gjorde trondheimsfararane seg klare til ferd. Ein Trondheimstur kunne ta frå fire til sju veker. Til Bergen, eller by’n, som dei sa før, vart gjerne turen mellom våronn og slåttonn
Til utlandet
Handelsferder til utlandet var helst storhende Det blir nemnt at Lars Korsbrekke i 1610 fór til utlandet (Holland?) med 200 tylfter sagbord og laut betale 18 riksdalar i utførsletoll («Hans skib kaldis Siglenn af Bergen») Kanskje hadde han handelsborgarskap i Bergen, berre borgarar i Bergen hadde rett til å drive kjøpmannskap på Sunnmøre på den tida.
Trelasthandelen tok slutt omkring 1650. Jektene for sjeldan lengre enn til Bergen og Trondheim.


0°C




