Frå tollbøkene i Ålesund 1851

There is no translation

Berre «Antonette» på 13 lester er ikkje bygd i heradet (eigar Lars Ringdal, førar H. Jørgensen). «Duen» er på 10,5 lester, «Den vandrende Lykke er mit Navn Gud lede mig til god Havn» på 11 lester (eigar: Lars Gjørva med fleire, styrmann: H. Vesteraas), «Lykkens Prøve» på 16 er den største (eigar og førar: O. Tryggestad), «Alfa» (frå 1854) og «Vikingen» er to mindre jekter på 5 og 3,5 lester.

Rekonstruert jekt

På bakgrunn av jektebord som ein har funne i Herøy har ein rekonstruert sunnmørsjekta «Anna Olava». Frå Linge i Norddal har ein funne omkring 30 jektebord på ein naustvegg og Saxe Bjørkedal laga ein rekonstruksjon av jekta i 2001. Ho hadde slike mål: Største lengd: 16,0 m; største breidd: 5,8 m; djupgåande: 2,0 m; mastehøgd over vatn: 14,0 m; seglareal 100 m2. Dersom denne jekta vart bygd i naturleg storleik, ville ho vere blant dei største jektene som hadde vore bygde. Ho ville vere på 24 lester. Ein lest er 12 tønner (seinare ein kommerselest som er ca. 2.600 kg). Sunnmørsjekta som blei bygd av Bjørkedølene, var noko mindre, 14,8 m.

Siste jektebyggjaren

Rigginga var kanskje det som var største problemet å finne ut av. På tømmeret i den kjende Tafjordutløa er det rissa inn jekter. Det same skal visst vere tilfellet i eit stabbur på Møllsæter.

Siste jektebyggaren i Sunnylven var truleg Nils Liaaen (1820–1872). Han var med på å byggje jekter i Vika (Norddal). Fekk premie for ein skipsmodell i 1853. Grunnla Ljåensverftet i Ålesund.