Sentraliseringa fekk mange til å gje opp

Når så mange gav opp like etter dei hadde fått den etterlengta straumen i hus, innlagt vatn, telefonliner, motoriserte taubaner, utbetra råser, må sentraliseringa få skulda.

Den frodige strandgarden Vidhammer vart fråflytt i 1968. Odelsguten Ole Johan fortel at det først og fremst var skulesentraliseringa som tvinga dei vekk. Det gjekk endå an den tida det var skule éi veke og fri éi. Sidan vart det skule annankvar dag. Men då skuleborna måtte fraktast over fjorden kvar dag i alt slags vêr, var det berre å pakke saman. For dei som i tillegg skulle ta seg opp og ned bratte og farlege sjøvegar, var det sjølvsagt endå verre.

Moka i dagevis

Skotung, litt lenger inne i fjorden, hadde med stor dugnadsinnsats fått landfast rås til skulebygda Stranda. Vinterstid var likevel skulegangen strabasiøs for både foreldre og barn. Etter snøfall brukte faren Birger Korsedal heile dagar til å moke veg att og fram dei tre kilometrane over stup og sva.

Stirde etter lyset

Skuleborna gjekk heimanfrå klokka 7.30. Ofte måtte Birger gå saman med dei for å trakke rås og halde lykta. Heime venta mor Inga: «Eg kunne vel ha gjort både eitt og anna i denne dryge timen – mens Birger og borna fòr innetter. Men eg stod heile tida ved ein fjøsglugge og stirde etter lyset frå lykta. Eg såg kor det blinka her og der mellom skogen og fjella. Lange stunder var lyset borte. Så kom det att. Og eg visste at no var dei komne dit, no var dei komne dit ... Største skrekken hadde eg for Raudegjelet. Der er det ville stupet ned i fjorden.»

Anken prega dagleglivet

Anken som foreldra hadde for skuleborna, og tårene frå dei små som lengta heim, har til alle tider prega dagleglivet på dei einbølte gardane. Folket her var også avhengige av livsteikn frå andre. Røyk frå pipa på Skrenakken, Smoge-færingen på fjorden, mjølkebåten i fast rute.

Alle på reisefot

Når det vart mørkt og stille hjå grannen, kjendest det også stusslegare i eige tun. Ikkje minst merkast det i Oaldsbygda. Lars Martin Smoge, som flytta til Oaldsbygda i 1948, fekk ikkje bu lenge i den ein gong så livlege bygda med eigen skule, postopneri, telefon og kai. «Våren 1953 var alle på reisefot. Hugsa folket i Midtgard var innom og takka for seg. Mannen gret sine modige tårer,» seier Lars Martin: «For oss som var att vart det også verre når nokon reiste.»