Lange dagar med stort ansvar

There is no translation

Sidan kunne jentene vere med i det vanlege arbeidet på garden til dei ut på ettermiddagen igjen la i veg til fjells. Det kvilte eit stort ansvar på dei unge budeiene. Setring var hardt arbeid og lange dagar, men det sosiale samveret og hyggestundene i sela hjå kvarandre om kveldane gjorde slitet lettare å bere. 

Ikkje latmannsliv
«Å vere seterjente var ikkje noko latmannsliv, men du verda så friskt og triveleg det var for kropp og sjel,» seier Marta Linge. Ho fortel frå Herdalssetra: «Til vanleg var der 11–12 seterjenter, så der var ikkje langsamt. Særleg livleg var det dei fine sommarkveldane når krøtera var vel i hus og mjølkinga unnagjort. Dei fleste budeiene hadde både kyr og geiter å stelle, 10–12 kyr og 15–20 geiter var vanleg. Om lag midt i seterbolken var det seterhelg, og den såg seterjentene fram til med glede og spaning.»

Ungt ansvar
Sofie Dybvik, føddpå Åsenes ved Hellesylt i 1888, var 13 år då ho setra første gongen. Etter at faren døydde, og mora sat att med seks små, kom 10-årige Sofie i teneste som barnejente i Syltevik ved Geirangerfjorden. Arbeidet med å få krøtera heim frå fjell og fjøre var også lagt på henne, og ho hjelpte til under onnene. Som 13-åring flytta ho til Skageflå, og tok over setringa der. Om vintrane vart ho rodd til Geiranger for å gå på skule. 

Tenestejente
Etter konfirmasjonen held Sofie fram som tenestejente på Skageflå. Sidan var ho tenestejente fleire stader, som Matvik, Blomberg og Nedre-Ljøen. I 1932 gifte ho seg med ein enkjemann med fem born. Frå 1950, kvar einaste vinter i 17 år, dreiv Sofie og mannen Ole torskefiske i Borgundfjorden.

«Frisk heilt igjennom»
Som enkje, og i ein alder av 84 år, flytta ho til Stranda. Då Sakarias Ansok besøkjer henne der i 1979, svintar 91-åringen som ei ungjente ut på kjøkkenet etter kaffi og smørbrød: «Det ser ut som du ikkje har teke nokon skade av alle dei harde arbeidsåra på land og sjø» seier Ansok, og Sofie svarer at ho takk Gud er frisk heilt igjennom.