Sleit for hus og kost og ring løn
There is no translationAt kårfolk og «attegløymer» – ugifte systrer av odelsguten – også tok eit tak var naudsynt, men ikkje alltid like påakta: «Oftast gjekk desse ‘attegløymene’ heime og sleit for hus og kost og ring løn, kanskje inga. Somme fekk seg opp ei lita stove på sine gamle dagar og freista livberge seg best dei kunne med spinning, spøting og andre småjobbar.
Lang arbeidsdag
Men alle saman fekk desse kvinnene ein arbeidsdag som var lenger enn karane sine, og attåt var slitet deira vonlaust, utan glans frå ljose framtidsvoner. Deira liv og lagnad er kanskje den mørkaste sida av det gamle bondesamfunnet», skriv Marta Linge.
Vart gåande ugift
Ei av desse lever likevel enno i minnet. Petrine Vidhammer (f. 1874), var i sine unge dagar ei ettertrakta dame, som svinga seg lett i dansen og kunne alle slags viser og vers. Ho forelska seg i ein dreng som foreldra meinte ikkje var bra nok for gardjenta. Drengen fór til Amerika, og Petrine vart gåande ugift. Fekk ho ikkje han kunne det vere det same.
Selde fisk i Ålesund
Ho fiska sei i fjorden og fanga laks med flakenot. Fisken selde ho i Ålesund. Hasselneter plukka ho også, og selde. Gjekk rundt med ei kipe på ryggen i bygatene, med ertande smågutar i flokkar etter seg.


14°C




