Kjønnsroller i kvardagslivet
I stovene budde vanlegvis fleire generasjonar saman. Kårfolk hadde kammers i enden av husa, ungfolket sov i storstova, borna på loftslemmen – gjerne andføttes i senga. Drengar og tenestejenter tok i tidlegare tider til takke med seng på fjøslemmen.
Flatsenger var òg vanleg under dugnader, bryllaup og andre samkomer med mange overnattingsgjestar. Å tenkje til mat og senger var ein viktig del av husmora sine gjeremål.
Kar- og kvinnearbeid
I Norddal bygdebøker skriv Marta Linge om kjønnsroller i arbeidslivet: «Det var skilje mellom kar- og kvinnearbeid – inne som ute. Rett nok var kvinnene med i utearbeidet jamsis med karane i alle onner, men om vinteren var deira arbeidsfelt meir innomhus.
Kvinnene tok fjøset
Potetsetjinga var også eit arbeid der både kvinnene og borna var med. Fjøsstellet fall stort sett på kvinnene, i alle fall var det dei som mjølka den tid dei dreiv med handmjølking. Medan karane arbeidde i skog og mark, sat kvinnene ved rokken eller i vevstolen kvar ei stund dei hadde til overs frå matstell, husarbeid og fjøsstell.
Karane slo
Når våronna var unnagjort, skulle kvinnfolka bake flatbrød og lefser, veven av lin og bomull skulle syast til klede for store og små. Stovehusa skulle vaskast, dyr førast til seters. Sidan kom slåtten, der karane slo og kvinnene følgde etter med riva.
Matauk
Det eine avløyste det andre heile sommaren, heilt til avlinga var i hus, potetene i kjellarbingane og krøtera komne heim frå setra. Slaktinga gav også mykje arbeidet. Slaktet skulle stellast så sulet varde så å seia til neste haust. Somt vart salta i lake, noko salta og turka til spekemat, blodpylser og mørpylser skulle også lagast og lagrast.»


16°C




