Dagleglivet langs fjorden
av Bergljot Engeset, skribent
Livet på dei einbølte gardane i verdsarvlandskapet skifta med vêr og vind og årstidene, med storleiken på gardane, lokaliseringa, med menneska som budde der og tida dei levde i.
Det daglege livet til den som levde nær strand og sjø var annleis enn livet til fjellbonden. For eit ungt par var det skilnad på å dyrke opp små bruk som hadde lege aude i fleire tiår, og det å ta over odelsgarden med hus og bøar i god stand.
Akta naturkreftene
Det jamne slitet for føda var likevel eins. Og alle levde dei med otten for dei minste som i leik skulle kome for nær eit stup, elva eller fjorden, og endå meir ottast dei farlege skulevegar. Alle akta dei naturkreftene: kastevindar, steinsprang og snøfonner. Dei lærte seg å tyde vêrteikn og ta forholdsreglar.
Fritt og godt
Likevel meinte det heimkjære fjordfolket at dei hadde det fritt og godt. Ikkje minst gledde små og store seg ved samvere med andre – anten det galdt dugnader, julegilde eller ulike slekts- og grannetreff.
Frå 1600-talet
Forteljingane frå livet på verdsarvgardane byrjar tidleg på 1600-talet, og endar med fråflyttingane nokre hundreår seinare, før krigen, etter krigen eller så seint som i 1970; dette året fòr Skjortnes-folket som dei siste fastbuande. Skjortnes ligg på vestsida av Storfjorden, og blir rekna som geografisk randsone til verdsarvområdet. Kulturhistorisk høyrer alle dei einbølte gardane langs Storfjorden, Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden til same lokale nettverket av verdige slitarar.


13°C




